MEINING:
– Me kjem til å halde trykket oppe
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Ordførarane i Telemark Senterparti står samla om arbeidet for ein betre Sørlandsbane.
For oss handlar dette om heilt konkrete ting som betyr mykje i kvardagen for folk og næringsliv i Telemark:
1) Få tilbake stoppa vi mista – slik at fleire kan bruke toget til jobb, skule og fritid.
2) Betre regularitet – toget må gå når det står i rutetabellen.
3) Meir stabilitet – færre innstillingar og mindre kaos når noko skjer.
Sørlandsbanen er ei livsnerve som bind saman lokalsamfunn, arbeidsmarknader og regionar. Når tilbodet sviktar, blir konsekvensane store: for pendlarar, studentar, reiseliv og bedrifter som er avhengige av føreseieleg transport.
Senterpartiet vil prioritere det som faktisk gir effekt raskt: drift, vedlikehald og fornying av jernbanen – og mindre, målretta tiltak som gjer at togtrafikken blir meir robust.
Vi kjem til å halde trykket oppe, saman, til Sørlandsbanen leverer det Telemark treng: eit togtilbod folk kan stole på.