Meining:

– Me er på eit kritisk punkt i historia. Det er tid for å vise kva me står for
Verda i dag er prega av mykje uvisse. Me er på eit kritisk punkt i historia. Det er skremmande. Men det er òg tida for å vise kva me står for.
1. mai markerer arbeidsrørsla sine sigrar gjennom fleire tiår med kamp. Men dagen i dag markerer òg dei kampane me står midt oppi no.
Verda er prega av krig og uro fleire stader i verda. Og når me ser til USA, og til Donald Trumps politiske prosjekt, er det ei eksistensiell trussel mot det me har kjempa fram etter andre verdskrigen: Ei verdsorden der den frie verda kjempar for menneskerettar, demokrati og ein fredeleg folkerettsstyrt sameksistens.
Den verdsordenen me har levd i - sidan 1945 - blir utfordra nå. Det skjer ikkje berre i USA. Over heile verda ser me ei bølgje av autoritære krefter me berre kjenner igjen frå historiebøkene. Men no skjer det - òg på vårt eige kontinent.
Medan Orbán endrar vallovene i Ungarn og Erdoğan utvidar den konstitusjonelle makta si i Tyrkia, undertrykker Putin politisk opposisjon og fagforeiningar i nabolandet vårt.
Dei jobbar ikkje isolert. Me ser ei utvikling som er prega av polarisering og individualisering. Me kan ikkje sitje stille og sjå på. Me må aktivt kjempe mot desse kreftene og for å forsvare våre verdiar.
Den beste måten å gjere det på er gjennom ei sterk fagbevegelse, både nasjonalt og i Europa. Arbeidarrørsla har alltid vore det fremste vernet i kampen mot desse kreftene. Vi er ein del av eit stort fellesskap som deler det same verdsbiletet og dei same verdiane.
Vi såg det i 1925, for hundre år sidan, då Mussolini forbød fagorganisering. Vi såg det i Tyskland då nazistane forfølgde fagforeiningsleiarar og aktivistar. Vi såg det under Francos diktatur i Spania. Arbeidarrørsla var frontlinja i kampen mot fascismen. Det må vi også vere no, med framveksten av ei ny fascistisk rørsle og den aukande polariseringa.
Rasering av offentleg sektor
Noko av det kanskje aller mest samfunnsendrande som skjer, er ei systematisk rasering av offentleg sektor. Det amerikanske demokratiet og rettsstaten blir bygd ned, bit for bit. Donald Trump truar sine næraste allierte, våre næraste allierte, med våpenmakt for å ta landområde, og med skyhøge tollmurar.
Og det er heller ikkje tilfeldig at Trump har lansert eit omfattande program som tilbyr sluttpakker til nesten to millionar statsansatte. Dette er eit ledd i hans tidlegare varsla plan om å krympe staten og kutte utgifter.
Vår norske velferdsstat er heller ikkje immun mot angrep. Vi møter sterke motkrefter her heime òg. I urolige tider er trygg styring og samarbeid med nære vener og allierte, heilt avgjerande.
Velferdsstaten er grunnlaget for eit inkluderande samfunn som alle føler seg som ein del av, og den igjen er vårt viktigaste våpen mot krefter som vil øydeleggje og splitte. Kampen for å bevare velferdsstaten er vårt felles ansvar.
Sidan 1800-talet har den norske arbeidarrørsla gått i front for sosiale, politiske, og økonomiske reformer som har endra samfunnet. Vi har kjempa fram arbeidarane sine rettar og ein velferdsstat for alle.
Samhald er motgifta til hat og polarisering
Samhald, solidaritet, fellesskap, ytringsfridom og tillit er fagbevegelsen sine verdiar. Verdiar våre kameratar kjempar for internasjonalt og som arbeidarrørsla la til grunn då Noreg skulle gjenbyggast etter krigen. Verdiar nokon tek for gitt og som ein trur ikkje kan rokkast ved. Men, det kan dei. Rundt oss får me nå fleire tydelege påminningar om at våre kampar ikkje er vunne ein gong for alle. Verdiane våre er nå dagleg sette på prøve.
Tillit mellom folk, mellom folket og leiarar og styresmakter, mellom innbyggjarar og velferdsstat, er heilt avgjerande for det likeverdsamfunnet me kjempar for. Når konfliktene aukar, søkk tilliten.
Utan tillit svekkast samhaldet. Om samhaldet raknar, forsvinn fellesskapet. Tillit er skjørt, men i kjernen av alt, det er ein raud tråd. Har ein tillit til velferdsstaten og dei som jobbar der, er det vanskelegare å rasere den. Samhald er eit val.
Me står ikkje åleine. Å vere ein del av LO, gjer at FO, fagforeininga for sosialarbeidarar, er med på å ta det breie samfunnsansvaret. LO er den einaste hovudsammenslutninga som representerer heile breidda av norsk arbeidsliv. Frå arbeidarane i industrien til byråkraten i departementet og sosialarbeidaren i kommunen.
Fordi me er samla på tvers av offentleg og privat sektor og på alle nivå i arbeidslivet, kan me finne løysingar for fellesskapet som fungerer for alle. Ingen er tente med at grupper vert sette opp mot kvarandre. Difor må me vere ekstra medvitne på både tillit og samhald, verne om dei og la dei styre oss i alt vi gjer. Det er verdiane som utgjer vårt forsvarsverk.
Forskjellane veks
Me lever i ei skjebnetid, der gamalt tankegods har fått vind i segla av ein internasjonal høgrevind. Forskjellane veks, avstandane mellom folk aukar og krisene står i kø. Me kan ikkje velje kven krisene rammar, men me kan velje korleis me møter dei.
Og me i FO, me vel å møte dei saman. Fordi me kjenner historia og fagbevegelsens rolle som det fremste skjoldet mot det autoritære. Me vel fellesskap. Der ligg styrken vår. Me vel tillit. Det krev styrke. Det krev vedlikehald. Og det krev at me klarer å stå i dei vanskelege vala. 1. mai viser at me vel samhald. Ikkje fordi det er lett, men fordi det er rett.
Lat årets 1. mai vere ei viktig påminning om at me må stå opp mot dei kreftene som prøver å splitte oss. Lat oss samstundes bruke årets 1. mai som ei påminning om alt me har kjempa fram, i fellesskap og som me vil halde fram å kjempe for. God kampdag!