
– Me er ikkje i mål, sjølv om «Team Pølsa» er det
Over éin million nordmenn har sett slitet, openheita og samarbeidet til Syver, Sunniva, Trygve, Mikkel, Pia og Peder, og 15 000 tilskodarar jubla fram dei seks ungdommane med ulike funksjonsnedsetjingar då dei i siste episode kryssa målstreken saman i Granåsen.
No byrjar neste etappe, og den blir endå viktigare.
I Noreg er det 110 000 personar med funksjonsnedsetjingar som ønskjer å delta i arbeidslivet, men som ikkje får jobb. Dei blir i likskap med Pia ståande utanfor laget, utan moglegheit til å bidra i ein økonomi som faktisk manglar arbeidskraft.
Mange blir ståande utanfor frå endt skulegang og livet ut, ofte med ei rekkje negative konsekvensar.
Dei seks fantastiske ungdommane har skapt nokre utrulege augeblink, både for tv-sjåarane og ikkje minst for programleiaren sjølv, som har fått ei mykje større forståing for kva som bur i oss menneske og kva vi treng for å overvinne store utfordringar. Og ikkje minst, kva det kan bety for menneske å vere ein del av eit lag for første gong.
Krav og støtte
I «Team Pølsa» blei deltakarane møtt med tøffe krav og forventningar for at laget skulle lukkast. Men å møte krava ga dei også meistringskjensla som løfta dei vidare.
Syver, Sunniva, Trygve, Mikkel, Pia og Peder trassa veldig ulike utfordringar for å nå eit felles mål. Kvar enkelt bidrog til laget ut frå sine individuelle føresetnader. Vi kjem ikkje til å gløyme korleis Trygve gjekk frå å vere skeptisk og misfornøgd, til å bli den verbale motivatoren laget trong.
Saman og på kvar sitt vis presterte dei betre enn kvar for seg, og blei det laget som Pia ønskte seg.
Slik er det i idretten, men er det ikkje også slik i utdanning og arbeidsliv? Arbeidsgivarar må gjerne stille dei same krava til folk med funksjonsnedsetjingar, så lenge ein er villig til også å gi støtte. Utan krav, så blir det berre «inkludering litt på liksom».
Neste etappe?
Sympati og omsorg er fint, men det viktigaste er å få moglegheita til å kunne gjere sitt beste, moglegheita til å feile og moglegheita til å lukkast. Dei seks ungdommane handterte utfordringane, dei trong berre litt ekstra tid og støtte. Det gir framgang.
«Team Pølsa» har vist oss kva som er mogleg å få til når vi trur på kvarandre. Vi trur at det finst mange «lokale Øystein» som kan ta lærdommen vidare, for å få til meir inkludering i idretten, i skulen og i arbeidslivet.