MEINING:

BILTREFF I BØ: Frå eit rånartreff i Bø sentrum 9. april 2020.

– Mange meiner at kommunen legg til rette for ulovlege tilstandar

Publisert Sist oppdatert

Gjennom pressa har me dei seinare åra stadig lest om ulovlege tilstander blant trafikantar i Midt-Telemark. 

Ulovleg og uvettig køyring med blant anna mykje støy som resultat har fått bebuarar i Bø sentrum til å reagere. 

Reaksjonane er ikkje bare retta mot lovbrytarane, men også til politiet som skal handheve lovene, og til kommunen som mange meiner legg til rette for at ulovlegheitene kan fortsette.

Tidlegare i oktober fekk me nok eit bevis på at ulovleg oppførsel i trafikken har gode kår, og at førarar føler seg litt for trygge: 

Ved Tjønnås kontrollerte UP 25 køyretøy for fart i ein laserkontroll. I alt 21 fekk gebyr. Ein for bruk av handheldt mobiltelefon og 20 for høgare fart enn tillate.

At 84 prosent av dei kontrollerte braut lova er eit greitt signal å ta med seg til Midt-Telemark kommunestyre som skal ta «rånesaken» opp til behandling 3. november.

Powered by Labrador CMS