SIDESPRANG:

FAST SPALTIST: Tom Arne Møllerbråten er fast spaltist i Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark.

– Mange fordommar lærer me heime

Publisert

Eg plar kvart år å gi ei lita refleksjonsoppgåve i nokre av klassane på Sagavoll. 

Elevane får sjå eit og eit bilete av ulike personar frå ulike miljø. Deretter ber eg elevane bestemme seg i løpet av sekund om dei vil setje pluss eller minus ved denne personen.

Nokre elevar synest denne oppgåva er vond, for skal me ikkje like alle? Jo, det bør jo vere eit ideal. Men gjer me det? 

Det korte svaret er nei. Me plasserer folk allereie etter førsteinntrykket, altså i løpet av sekund, og ut frå minimalt med kjennskap til personen. 

Andre gonger treng me berre vite éin ting om denne personen for å plassere hen i minus- eller plusskategorien.

Etter litt drøfting i klasserommet, er det mange som seier: «Det er skremmande kor fort me dømmer andre.» Og akkurat den bevisstgjeringa er poenget med oppgåva.

Fast spaltist: Tom Arne Møllerbråten

Tom Arne Møllerbråten kjem frå Magnor i Eidskog kommune og har vakse opp eit steinkast frå Sverige. 

Etter ein del år i Oslo, flytta han med kone og tre døtrer til Gvarv i 2000. 

Han jobbar som lærar på Sagavoll folkehøgskule, men er også redaktør for Steg – tidsskrift for kristen folkehøgskule. 

Han elskar Midt-Telemark, les mykje, spelar gjerne bass, skriv stadig, held ein del talar og foredrag. Er oppteken av teologi, filosofi, historie, litteratur og psykologi, men smiler av mykje.

Eg trur me lærer mange av våre fordommar heime. I familien lærer me kva me skal meine om dei som tenkjer, trur eller lever annleis enn oss. Rundt kjøkenbordet blir haldningar til andre skapte.

Korleis snakkar me om naboen, kollegaen, eller folk i klassen? Korleis snakkar handverkaren om akademikaren, og motsett? 

Fordommar finst mellom folk på venstresida og høgresida, mellom religiøse og ikkje-religiøse, mellom Bø og Sauherad, og så vidare.

Tilhøyrer du ein minoritet, veit du veldig godt kva fordommar gjer med deg. Samar, romfolk, etniske minoritetar, skeive eller folk med fysiske og psykiske utfordringar har kjent det på kroppen.

Mange kristne kan òg fortelje at dei vel å skjule si kristne tru for å sleppe å bli sett på som dumme. Komikaren Espen P.A. Lervaag har laga ein podkast om akkurat dette, «Espen er kristen». Anbefalast!

Det som er så deilig med fordommar, er at det skal så lite strev til for å oppretthalde dei. Eg treng berre å oversjå alt som motseier fordommane, og samle på alt som stadfestar det eg allereie meiner. Lurt?

Eg har jo ganske mange fordommar sjølv. Og eg veit jo at dei fleste med stor sannsyn er feil. Kanskje det gjeld deg òg? Så kvifor kvittar me oss ikkje med dei?

Powered by Labrador CMS