MEINING:
– Levande bygder treng levande landbruk
Telemark har over 1000 gardsbruk. No må vi gi dei betre rammevilkår.
Bonden speler ei viktig rolle i Telemark – ikkje berre for matproduksjon, men også for sikre levande lokalsamfunn og arbeidsplassar i distrikta.
Så viktig er denne næringa at vi no skal vedta ein ny strategi for landbruket i fylket vårt. Samtidig set vi søkjelyset på vilkåra i landbruket når vi i desse dagar gir innspela våre til jordbruksforhandlingane 2026.
For dei 1178 gardsbruka våre treng betre rammevilkår.
Landbruket i Telemark blir prega av dyktige fagfolk. Vi er blant dei beste i landet på fruktdyrking og svineproduksjon, vi er sjølvforsynte med egg og produserer matkorn nok til12 millionar brød i året. Det er nok til at alle telemarkingar kan få fire brødskiver om dagen.
Inntektsgap
Samtidig er det framleis eit inntektsgap mellom bønder og andre yrkesgrupper. Dette gapet må tettast, slik at det blir attraktivt å satse på gardsdrift også i åra som kjem.
Bøndene våre må kunne leve av jobben sin, og dei må få kompensasjon for kostnadsaukar.
Berre då kan vi sikre rekruttering av unge og halde oppe små og mellomstore bruk i distrikta – noko som er viktig for heile Telemark.
Landbruket treng kompetanse for å møte framtidas utfordringar.
Ein føresetnad for å sikre næringa i fylket er vidare satsing på Søve som utdanningsinstitusjon og kompetansesenter for jordbruket. Slik sikrar vi både fagleg oppdaterte bønder og betre rekruttering.
Velferdsordningar
Vi ser også at struktur- og distriktsverkemidla må styrkast, slik at bønder med ulike driftsforhold og gardsstorleikar får gode rammevilkår.
Gode velferdsordningar, med rett til ferie, fritid og tryggleik ved sjukdom og fødsel, er nødvendig for at fleire skal ønskje å satse på næringa.
Klimaendringar gir oss meir ekstremvêr og våtare jord. Det gjer at investeringar i drenering og hydrotekniske anlegg er viktigare enn nokon gong.
Miljø- og klimatiltak må prioriterast, og bønder må få støtte til å gjennomføre tiltak som bidreg til lågare utslepp og auka klimatilpassing.
Innspela våre til jordbruksforhandlingane peikar på ei rekkje forbetringsområde.
Målet er klart; Eit landbruk som gir trygge arbeidsplassar, levande lokalsamfunn og trygg mat – i heile Telemark.