Meining:

– La ungane få vera på same skulen gjennom heile barnetrinnet
Det har etter mi meining alltid vore god politikk at ungane, særleg dei yngste, skal få gå på skule i nærmiljøet sitt.
Det opplevast trygt og godt. Mange av ungane går eller syklar att og fram til skulen. Frisk luft og litt mosjon klarnar tanken, og gjev energi til utfordringane dagen måtte by på.
Difor meiner eg det er særleg viktig at dei yngste ungane får gå på skulen som geografisk er nærast heimen deira.
Det er også ein stor fordel at det ikkje er fleire ungar på skulen enn at alle kjenner alle. Da fell det naturleg at ungane leikar saman, jenter og gutar, uavhengig av klassetrinn. På den måten blir dei trygge på kvarandre. Dette anser eg som svært positivt.
Sjølv fekk eg gå på Folkestad skule t.o.m. fjerde skuleåret. Dei to siste åra av barneskulen måtte me ned til Bø barneskule (dette var cirka i 1970). Eg blei rykka opp med rot frå det trygge, gode miljøet der alle leika saman, og omgjevnadane var kjente og trygge.
På Bø barneskule blei me i stor grad ståande rett opp og ned på asfalten, to til fire jenter i lag. Me prøvde jo å leike litt, men det var på ingen måte det same som å få utfalde seg på Folkestad. Eg hugsar også at eg opplevde det skræmande med så mange og ukjente ungar. Eg blei borte i mengda, og det gav meg ein knekk i utviklinga.
La ungane få vera på same skulen gjennom heile barneskulen, til dei må over på ungdomsskulen. La dei sleppe å bli rykka opp med rot. Det er traumatisk og skader utviklinga deira. La ungane få utvikle seg trygt og godt på Folkestad skule gjennom heile barneskuletida.