MEINING: 

ENDRINGAR: Det har skjedd mykje på Driv, mellom anna med fleire flytteprosessar, og endring av fleire oppgåver. Den nye køyregruppa gjer ein viktig og stor jobb for mange avdelingar i kommunen, med dagleg transport av mat og tøyvask. Her er det Svein-Arne, Andre, John og Halvor som er klare for oppdrag.

– Kva skjer på DRIV?

DRIV er Midt-Telemark kommunes avdeling for tilrettelagde dagtilbod (arbeid, aktivitet og kvalifisering). Primæroppgåva er å innfri kommunale vedtak om gruppetenester for ei variert gruppe vaksne deltakarar med avklart uførleik. 

Avdelinga samarbeider òg med andre aktørar. For øyeblikket har vi 9 årsverk (+ 0,6 er bunde til teneste for ein deltakar). Dyktige tilsette jobbar for å skape meiningsfylte dagar i samspel med noko over 60 medarbeidarar.

DRIV er òg prega av den økonomiske situasjonen i kommunen, og står i fleire endringsprosesser. 

Frå 2026 skal vi årleg drifte for 1.212.000 kroner mindre. Dette gjer vi med reduksjon i fleire budsjettpostar (t.d. bilhald), å sjå på inntektspotensial, omorganisere og samordne noko av drifta, ta ned 1,1 årsverk (ein tilsett går av med pensjon, ein annan ynskte og fekk jobb i ei anna avdeling). 

Samla innsparing i drift av gruppetilboda er sidan oppstarten i 2020 på 3,1 årsverk. Vi har òg hatt inntil to lærlingar, ingen denne våren. 

Nokre sentrale fokus i prosessen er å ivareta primæroppgåva, redusere talet på samtidige oppgåver, og samle tilsette for å redusere slakk og lettare nytte ressursane meir effektivt. 

Vi ser på kvar pengane i tilstrekkeleg eller for lita grad gir tenester, og på korleis vi med knappare ressursar kan sikre kvalitet og stabilitet i gode, breie og fleksible tilbod.

Tilboda

Eit knippe gruppetilbod er bautaer i verksemda til DRIV. Flinke, stabile og innovative tilsette ivaretek m.a. ein vedfabrikk, ein verkstad (som òg utgjer køyregruppa) og ei gruppe for psykisk helse og aktivitet. 

Vi har òg gruppa pakk og montering, som lagar mat, handarbeid, vaskar klede, utfører oppdrag for bedrifter mm. 

DRIV tek imot skuleelevar for tilrettelagt praksis, følgjer opp deltakarar i ekstern praksis, lærlingar i helsefagarbeidarfaget, samarbeider med aktørar som Idea, NAV og Samtun, og med mange internt i kommunen. 

Deltakarane som krev tettast oppfølging har eige følgje, medan tenestene gitt av DRIV er gruppetilbod.

Synlegaste endring – Mariposa

Kommunen avvikla kafeen Mariposa frå nyttår. Det er leitt og det opptar mange, men kafeen kosta oss fleire gonger meir per deltakar enn andre tilbod. 

Ulike endringar for å redusere kostnader er vurdert, men reduksjon i økonomi og bemanning tilseier fokus på primæroppgåva. Det gjev til dømes ikkje rom for å dreie tilbodet mot andre brukargrupper enn DRIV sine. Lokala ga begrensa plass til deltakarar. 

Tilbodet har vore godt, men eksklusivt, og basera på ressursar vi ikkje lengre har. Med treng større samsvar mellom personalbruk og antal deltakarar i gruppetilboda våre. (Sjå og avsnitt Ekstern praksis).

Mariposa var eitt av DRIV sine gruppetilbod, som tidvis er gjenstand for endring. Dei som hadde eit tilbod på kafeen er godt ivaretatt i nye oppgåver, på DRIV og gjennom eksterne samarbeid.

Vi kan ikkje lenger bemanne kafé, men blir gjerne med som del av eit evt. prosjekt som kunne samla fleire aktørar i ein felles kvalifiseringsarena, til dømes med utgangspunkt i Gullbring.

Øvrige endringar/ nye tiltak

Matlaging og servering er ei populær oppgåve som gir kunnskap, meistring og anerkjenning. 

Ved flytting til nye lokale i 2025 innreidde vi kjøkken slik at vi kan lage mat internt og for bestilling. Dette gir eit populært tilbod til ei breiare gruppe, og eit kunnskapsgrunnlag som kan bidra til praksis hos eksterne samarbeidspartnarar.

Køyregruppa måtte enten avviklast eller endrast frå eit kostbart 1:1, til eit gruppetilbod. Heldigvis klarte vi det siste. 

Gruppa utfører dagleg kritiske og ettertrakta oppdrag med transport av mat og klesvask for etter kvart 9 avdelingar i kommunen. 

Dette bidreg til å halde utgifter nede mange stader i kommunen, og er eit eksempel på korleis vi meiner vi bør sjå meir på samarbeid og på meirverknader av tiltaka vi set i verk.

Ekstern praksis har vi tilrettelagt for lenge (VTO‑deltakarar i samarbeid med NAV). Nytt er at vi skal sjå meir på dette òg for fleire deltakarar med kommunalt vedtak. Det er eit langsiktig arbeid – rett deltakar på rett stad, rett kontaktperson, rett mengde, rett opplæring, rette oppgåver, rett oppfylgjing. 

Å arbeide noko i ei ordinær bedrift eller ei anna avdeling i kommunen gir gjerne auka sjølvkjensle og meistring for den enkelte, og bidreg til verdiskaping og arbeidsmiljøet som tek imot. Når slike tiltak fungerer, går og kostnadane ned for DRIV, så dette er vinn-vinn.

ROP – Rus og psykiatri 

Kommunen har innbyggjarar med rett til tenester, men med utfordringar som gjer at desse ikkje så lett kan gis i same miljø som for våre øvrige deltakarar. 

Eit mål for 2026 er å samle aktuelle aktørar og få på plass eit samarbeid om tilbod også for desse.

Vi har mange planar og utfordringar framover. Med så dyktige og engasjerte tilsette og medarbeidarar er eg sikker på at vi skal møte dei på godt vis.

Powered by Labrador CMS