MIDT-TELEMARK: Oterholtfossen i Bøelva.

– Kva med å utnytte vasskrafta i Oterholtfossen meir?

Publisert

Det er nå snart fem år sidan det blei sagt nei til utbygging av Oterholtfossen, og det har rent mykje vatn på veg til havet etter den tid.

Når eg les rapportar som ligg til grunn for avslaget, blir eg oppgitt over det eg meiner er svake argument.

Det er snart 55 år sidan Sundsbarm kraftverk stod ferdig, og som gjer at heile vassdraget frå Seljord til Norsjø er regulert, med ekstra stor vassføring vinterstid. I tillegg er det eit «leikekraftverk» i Oterholt som nyttar mikroskopisk del av vatnet til kraftproduksjon.

I mine yngre dagar dykka eg ofte etter elvemusling i Bøelva, som mange andre, og det var lov den gongen. Muslingen levde da nedgravd i sand, som den må, for å leva. 

Når eg nå les argumentasjonen frå ymse hald, så skulle ein tru at den nå har konvertert til glatt fjell og storstein. Det er nok framleis musling i elva, men den er nok meir heime frå Sagahølen og opp til Seljordsvatnet. Frå Oterholtfossen til Berghøl verkar det lite truverdig, ettersom muslingen heller ikkje likar sterk straum. 

Det har også vora bruka som argument at ein og annan elvepadlar har sett utfor fossen. 

For fisken så blir det mindre vassføring eit lite stykke, men fossen er likevel endestasjonen i dag.

Med dagens energipolitikk, så sender Noreg råderetten til vasskrafta bakvegen ut av landet, og det er etter mitt syn utilgjeveleg med tanke på dei som bygde ut krafta, og ikkje minst etterkommarane kåns.

Dersom Midt-Telemark kommune skal bidra med meir energi, er utbygging av Oterholtfossen for meg, den einaste tenkelege måten å gjera det på. 

For nokre år tilbake fekk nesten all vasskraft tommelen ned frå NVE, fordi da var det bare vindturbinar som skulle «rasere» landet og tvingast fram, og da måtte kraftprisen opp. Det har dei lykkast med, for onsdag 11.12.24 skal kilowatt prisen her opp til 6 kroner og 36 øre.

Det verkar som fokus har snudd litt nå når det gjeld vasskraft, og for kommunen sin fortvila situasjon ville eg håpe det var muleg å sjå på ein søknad på nytt, med eit nytt konsept og grunnlagsmatriale, der fleire tok meir stilling til saken.

Dersom ei lita gruppe miljøaktivistar skulle hatt all makt, så ville me ikkje hatt lys i husa i dag. Det å stoppe ei meir-utnytting av eit allereie regulert vassdrag, for deretter kanskje å bli påtvinga enorme vindturbinar, vil eg sjå på som miljøkriminalitet.

Etter mitt syn vil ingen lide stort, om fossen fekk ei kraftigare regulering, særleg vinterstid, og kommuneøkonomien her kjem nok ikkje på beina med det fyrste.

Powered by Labrador CMS