SIDESPRANG:

– Kampen mot plast og plastavfall er det siste, nytt avfall er resultatet
Søppel, gjenbruk, resirkulering
Me menneske produserer fantastiske produkt og livsnødvendige varer kvar dag over heile jorda. Men jammen produserer me enorme mengder søppel og avfall også.
Så mykje at me er i ferd med å bli kvelte av det mange stader.
Dermed har gjenbruk og resirkulering blitt mantra i tida, og me har fått fleire fraksjonar å passe på. Det gjeld å halde tunga rett i munnen i sorteringa frå dag til dag.
Eitt er matavfall, så plast i eigen pose, papp og papir for seg, glas og metall det same, el-avfall og gift, måling og kjemikaliar i den vesle raude kassa, så kjem klede som andre framleis kan bruke.
Det siste frå 2025 er eigen sekk av utslitne, sunde klede som skal i eigen sekk til Brenna. Med alle desse ulike oppdelingane skulle ein tru det ikkje blei restavfall, men jammen blir ikkje den dunken også full.
Dei av oss som før i tida budde på gard og som hadde griser og høner lét desse dyra få matrestane, siklene, dersom det vart slike.
Lite mat vart kasta. Ikkje slik i dag, stadig kan me høyre om matkast som nokon faktisk har gjort til ein sport å leve av.
Heldigvis hamnar mykje i biogassanlegg og blir til miljøvenleg drivstoff og gjødsel i landbruket. Ikkje så gale likevel då kanskje, men fenomenet matkast står i sterk kontrast til ekstrem matmangel ei kort flyreise unna.
Klede er den store utfordraren i dag. Det er skremmande å sjå berga av klede som hamnar i mellom anna afrikanske storbyar og helst i slumstroka. Men der får dei fort nye eigarar.
Og me har blitt flinkare til å bruke om att klede. Det er ein marknad for sal av brukte klede, det kan ein sjå i «Det gule hus» og på nettet. Kreative gründerar klarer å sy om gamalt og slik gje nytt liv til gamle klede.
Kampen mot plast og plastavfall er det siste. No må me starte utskiftinga av plast til glas og stål på kjøkkenreiskapar. Nytt avfall er resultatet.
Me lever i eit overflodssamfunn, og mykje tid synest å gå med til å jobbe med avfall og sortering til gjenbruk.
Dyrebar tid ein kunne bruka annleis om ikkje tinga hadde slik makt over ein.
Ei personleg utfordring er å ha dette i minne når julevarene dukkar opp i oktober og det dreg seg til med Black Friday og Black Week i november.