SIDESPRANG:

– Kall meg gjerne ei bestemor, altså, men kva skjedde med å klatre i tre?
Dei vil aldri slå av. Sjølvsagt vil dei ikkje det.
På den eine sida har du fargerike univers i 3D, ei ku med kniv, lasersverd, ein hai med blå joggesko, kappløp med feite bilar, og på den andre sida ei mamma eller pappa som seier at du må dusje og leggje deg.
Dei vil jo ikkje slå av. Sjølvsagt vil dei ikkje det.
Og det blir verre.
For om nokre år kjem chattegruppene med namn som «dei kulaste gutane/jentene», og alle er ikkje med. Snapkart som viser kvar venene dine er, og du veit godt kor du er sjølv. TikTok og videoar med tynne og pene menneske med nydeleg hår, men dårlege haldningar.
Eg såg på Debatten for nokre månader sidan om skjerm. Ei jente på 17 kunne fortelje at ho «knapt kunne hugse noko frå sin eigen barndom».
Tal henta frå Maja Lundes bok Skjerm barna seier: «Eit barn som brukar mobilen ein time om dagen, vil med ein gjennomsnittleg levealder på 82 år bruke 30 000 timar på mobilen. Det er tre og eit halvt år. I snitt brukar vi fire timar på mobilen kvar dag. Det utgjer 14 år.»
Kall meg gjerne ei bestemor, altså, men kva skjedde med å klatre i tre?
Sykle, tulle, skravle, herje og henge.
Hundrevis av notifikasjonar kvar dag, plingplingpling, chattegrupper, scroll, dårlege førebilete i monitor og eigentleg heile verda inn heile tida, det kan då ikkje vere bra for kroppar og hjernar i vekst.
Før sommaren kom nasjonale skjermråd frå Helsedirektoratet, fint det sikkert, men det blir litt tamt å vise til når 10-åringen din tryglar om å få mobil fordi «alle andre har». Og alt som skjer i livet til ungen din er der inne.
Men heldigvis er håp i sikte.
No arbeider eit fleirtal på Stortinget med ei reell aldersgrense på 15 år for sosiale medium. Og det skjer ein stille revolusjon over heile Noreg med foreldre og FAU-ar som organiserer seg og skriv under på avtale om å vente med smarttelefon til barna er ferdige med barneskulen.
Smarttelefonfri barndom.
Forhåpentlegvis blir han signert på Bø barneskule òg denne hausten.