Meining:

– Ja til fortsatt mottak av flyktningar i Midt-Telemark
Nå er budsjettet for 2025 ferdig behandla. Fleirtalet i kommunestyret vedtok at me ikkje skulle ta imot flyktningar i år, men så fann ein ut at det var naudsynt med familiegjenforening, så da blei det ikkje 0 likevel.
Og ved finrekninga «fann» administrasjonen 13 millioner kroner av statlege overføringar til flyktningearbeidet som først ikkje var teke med i rekneskapen. Så argumentet at mottak av flyktningar er stor økonomisk belastning for kommunen, synest eg framleis er svakt underbygd.
Det er 51,1 millionar flyktninger i verda og 73,5 millionar internflyktningar. Dei flykter frå krig, samanbrot i statar og sivilsamfunn og klimaøydeleggingar. Kvoteflyktningane er dei aller svakaste blant flyktningane. FN ber Norge ta imot 5000 kvoteflyktningar, SV sentralt foreslår at Norge tar imot minimum dette talet.
SSB (Statistisk sentralbyrå) har på oppmoding frå Frp, svara på kor mange flyktningar og innvandrarar som er sjølvforsørga. I 2023 var 79 prosent av alle innvandrar sjølvforsørga. Blant flyktningar som har budd her i seks år eller meir, er 72 prosent sjølvforsørga. Blant innvandrarar generelt er 83 prosent sjølvforsørga når dei har budd her seks år eller meir.
I befolkninga elles er 88 prosent sjølvforsørga. (Kjelde: Klassekampen 23/6-25)
Så flyktningar og innvandrarar bidreg med arbeidskraft me treng her i landet. Og me i kommunen vår treng arbeidskraft, ikkje minst treng me fleire varme hender i åra som kjem.
Til hausten byrjar arbeidet med budsjett for 2026 i Midt-Telemark. Eg vonar me slepp å få nye forslag om å ikkje busette flyktningar i Bø.
Me har eit Senter for kvalifisering og inkludering i kommunen, med god kompetanse og erfaring. Skal me legge ned denne kompetansen? Skal tilsette i avdelinga seiast opp? Skal dei inn i andre avdelingar , t.d. skule, og då fortrenge andre lærarar med kortare ansiennitet?
Fyrst og fremst meiner eg det er vår plikt i eit rikt land å vera med og bidra i den flyktningekrisa verda har. Så igjen: Ikkje la oss stenge døra for flyktningar i Midt-Telemark.