MEINING:
– Ikkje la dykk freiste til å stemme for dårlege forslag
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Kommunestyret i Midt-Telemark skal måndag 23. mars behandle sak om høyringssvar til kommunekommisjonens delrapport 1, som kom 9. januar.
Her blir det føreslått store endringar for kommunane. Dei viktigaste for Utdanningsforbundet Midt-Telemark er endring av lærarnorma, fjerning av øyremerkte tiltak og fjerning av kompetansekrav i helsesektoren.
Lærarnorma skal sikre eit minimumsnivå på lærarar i grunnskulen: Ikkje fleire enn 15 elevar per lærar på 1.-4.trinn, og ikkje fleire enn 20 elevar på 5.-10.trinn.
Altfor mange kommunestyre rundt omkring trur at lærarnorma er eit tak på kor mange lærarar som kan vere tilsett. Faktum er at det er stikk motsett.
Kommunane kan sjølvsagt ha høgare lærartettleik enn norma. Dette fører faktisk til betre elevkontakt, meir tid til kvar elev og tettare oppfølging av dei som treng det.
Fjerning av lærarnorma eller endring til norm på kommunenivå vil gjere det mogleg å fjerne lærarstillingar for å kome «ned på norm». Dette treng verkeleg ikkje Midt-Telemark no.
Lærarnorma er golvet som politikarane kan byggje ein god skule på.
Både formannskap og oppvekstutval har denne veka snakka varmt om ein meir praktisk skule då kommunalsjef for oppvekst la fram kvalitetsmeldinga for skulane. Alle vil ha meir praktisk undervisning og fleire tilbod inn i skulane for å ta betre vare på elevar som treng meir enn å sitje.
Derfor må også politikarane sjå samanhengen mellom ein meir praktisk skule og KS sitt ferdigskrivne høyringssvar om øyremerkte tilskot: Fjerning av øyremerking fjernar òg mange av moglegheitene til å gjere ein meir praktisk skule mogleg.
Ifølgje Utdanningsdirektoratet er det nå 16 ulike tilskotsordningar som til dømes dekkjer tilskot til samarbeid mellom SFO og kulturskule, idrettslag og andre frivillige organisasjonar. Innkjøp av trykte læremiddel og utstyr til programmering er to andre tilskotsordningar.
Vil kommunestyret i Midt-Telemark framleis ha moglegheit til at skulane søkjer på slike tilskot, så må dei stemme nei til KS sitt forslag om å kutte dei øyremerkte tilskota.
Fjerning av kompetansekrav i helsesektoren er det siste av mange dårlege forslag frå KS sitt høyringssvar. Har ikkje kommunane større ambisjonar på vegner av sine innbyggjarar enn at ein senkar krava til dei som skal gi dei helsetenester?
Vi ser parallellen til skuleverket, der vi stadig høyrer om at lærarane er så dyre og at andre (og billegare) yrkesgrupper kunne gjort jobben i staden. Kompetanse kostar, kvalitet kostar, kvalifiserte pedagogisk ansvarlege lærarar kostar. Ved å senke krava blir resultatet deretter.
Ha større ambisjonar enn KS for Midt-Telemark! Stem nei til fjerning av lærarnorm, nei til fjerning av øyremerkte tilskot og nei til fjerning av kompetansekrav!