Meining:

– Hugs å ta vare på det sosiale livet når du blir eldre
Einsemd er like farleg som å røyke, seier ekspertane.
Nordmenn er gode til å planleggje for korleis vi skal bu, sikre oss ein trygg økonomi og halde oss i fysisk aktivitet når vi blir eldre.
Når det gjeld den sosiale delen av tilveret har vi ein veg å gå. Mindre enn ein av tre av oss har tenkt på korleis vi skal halde oss sosialt aktive som pensjonistar.
Funna er henta frå Helsepolitisk barometer, gjennomført av Kantar for mellom anna Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Undersøkinga viser vidare at åtte av ti nordmenn meiner vi alle må leggje planar og ta større ansvar for eiga helse, busituasjon og nettopp sosialt liv for å få det slik vi ønskjer når vi blir eldre.
Når vi veit at vi lever nærmare ein tredel av livet vårt etter at vi er blitt pensjonistar, og at vi skal og vil bu heime så lenge som mogleg, er det fint å sjå at mange legg planar for å sikre seg ein god alderdom.
Økonomi, bustad og den fysiske helsa har vi tenkt på, men når vi får spørsmål om vi har lagt nokre planar for korleis vi skal halde oss sosialt aktive etter endt arbeidsliv, er det heller dårleg.
Det er lett å ta vener og sosialt liv med kollegaer som noko som berre er der, men vennskap endrar seg også med åra. Og for mange spesielt i overgangen frå arbeidsaktiv til pensjonist.
Kanskje gløymer vi kor viktig dei vi har ete lunsj med på jobben er for det sosiale livet vårt? Kanskje tek vi desse stundene litt for gitt. Når kollegaene blir borte, er venene endå viktigare. Nokon treng mange, andre treng få, men alle treng nokon.
Damene venneplanlegg meir
Spørsmål av typen "har du høyrt frå han i det siste?" er ikkje heilt ukjend.
Svaret er då gjerne, "nei, men har du latt høyre frå deg då?". "Ja, men ikkje på ei stund. Eg høyrer ikkje noko tilbake". Og det er her det glipp. Det er då ein berre må prøve om igjen. Folk er travle. Og vennskap må vatnast.
I undersøkinga svarar vi òg at nettopp familie og vener er det viktigaste for oss når vi blir pensjonistar. Då er det viktig at vi pleier og planlegg, både vennskaps- og familieband, og ikkje tek det for gitt.
Det er fleire kvinner enn menn som har lagt ein plan eller har gjort seg nokre tankar om det sosiale livet som eldre.
Damer treffast kanskje på andre arenaer enn menn, som i foreiningar og venninneklubbar eller liknande. Menn mistenker eg at i større grad byggjer det sosiale nettverket på jobb. I det augneblinken dei sluttar, kan det bli vanskelegare å ivareta desse vennskapa.
Det offentlege sitt ansvar
I funna frå Helsepolitisk barometer er det fleire interessante funn når det kjem til ansvaret for den sosiale delen av livet.
Vel ein av ti meiner at det offentlege skal betale for sosial kontakt, slik at vi kan bu heime lengst mogleg. Sju prosent svarer at dei er villige til å betale for å ha selskap av eigne pengar. Vidare er kvar fjerde innbyggjar oppteken av å ha tilgang til sosiale aktivitetar for å få eit godt liv som pensjonist.
Vi som samfunn har eit ansvar for å inkludere og leggje til rette for trygge, gode og sosiale møteplassar og eit tilbod om forskjellige aktivitetar. Samstundes må vi sjølve også vere medvitne om tydinga av å ha eit sosialt liv og gjere ein innsats for å ha nokon å vere saman med. Venner veks ikkje på tre.