MEINING:
– God integrering gjev oss mykje attende
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Innvandring og flyktningpolitikk har vore framme i den politiske debatten i mange år. Det har blitt vist til at utgifter på statsbudsjettet dreiar seg om mange milliardar kroner per år.
Det er bra at vi på ein sakleg måte drøfter korleis desse midlane skal brukast. God integrering gjev oss mykje attende.
Det er no om lag ein million menneske i vårt land som har innvandrarbakgrunn. Utan desse hadde vi vore berre 4,5 millionar menneske, i staden for 5,6 millionar.
Husk at landet vårt er større enn både Storbritannia og Tyskland i flatemål. Vi er likevel ikkje fleire enn halvparten av dei som bur i London.
Innvandrarane og dei med flyktningbakgrunn hjelper oss med å utvikle og halde vår vidstrekte infrastruktur ved like.
Vi må også hugse på kva det kostar det offentlege i vårt land å sette eit nytt menneske til verda, og gje dette mennesket turvande verdiar og ressursar for å verte «eit gagns menneske».
Eit rekneeksempel som viser kva kostnader vi har med å få fram ein voksen:
Kostnader svangerskapskontroll og fødsel m.m.
25 000 kr pluss sjukehus 35 000 = Sum 60 000
Barsel med permisjon = 600 000
Barnehage fire år a 160 000 = 640 000
Grunnskole 10 år a 150 000 = 1 500 000
VGS 3 år a 180 000 = 540 000
Sum basale kostnader= 3 340 000
Eit par vil koste 6 680 000 kroner samla sett.
(Tala er henta frå SSB med kjelde Utdanningsdirektoratet, år 2021 pluss 20 %.)
Eit flyktningpar som kjem til Norge som 20-åringar og lever på integreringstilskot med meir i to år a 500.000 i samla kostnader for kvar per år, vil til saman koste 2 millionar kroner.
Økonomisk sett vil vårt land da spare 6 680 000 minus 2 000 000, altså 4 680.000 kroner.
Får dei jobb som bussjåfør og omsorgsarbeidar, etter integrering, har vårt samfunn spart 4 til 5 millionar kroner.
Er dei eit eldre par, og som har med barn, vil vi spare kostnader med fødsel, barnehage og skule, men vi får kostnader til språkopplæring m.m., og det at arbeidslivet til foreldra i vårt land bli kortare.
Det vil vere ulike meiningar om kva vi skal ta med i i eit slikt reknestykke.
Tala viser likevel at det sjølvsagt kostar pengar å gje menneske den grunnutdanning vi treng for å leve det gode liv og levere til fellesskapet.
Desse utgiftene tek vi for dei som er fødde i vårt land gjennom utgifter til skule og helse med meir. Dei som kjem hit som flyktning eller på annan måte, må få dei same verdiane gjennom integreringsarbeidet.
For folk som flyttar til Norge må vi også gje «turvande ballast» for at dei skal kunne leve det gode liv hos oss. Desse kostnadane er mindre enn det kostar med oppveksten av eit barn.
Reknestykket er berre meint som illustrasjon. Eg vel å trekke fylgjande konklusjonar:
God integrering er viktig.
Slurvar vi med integreringa taper vi pengar.
God integrering av innvandrarar gjev oss på lang sikt store gevinstar.