MEINING: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland.

– Gi politiet verktøya som trengst mot narkotika

Publisert Sist oppdatert

Vi, 15 Sp-ordførarar frå heile Noreg, meiner det er avgjerande å tydeleggjere at all narkotikabruk er ulovleg, og at politiet må ha naudsynte verktøy for å stoppe bruk, sal og distribusjon

Vi i Senterpartiets ordførarforum ønskjer å setje fokus på det viktige arbeidet med å beskytte våre unge mot narkotika. Sjølv om vi støttar helsebaserte løysingar for dei tyngst rusavhengige, må vi unngå ein politikk som kan føre til auka narkotikabruk blant ungdom. Når politiet mister moglegheita til å bruke tvangsmiddel, mister dei også viktige førebyggjande tiltak, som ruskontraktar - eit tiltak som har hjelpt mange ungdommar til å halde seg rusfrie. Lat oss saman gi politiet dei verktøya dei treng for å beskytte våre unge.

Den tidlegare Solberg-regjeringa føreslo ein rusreform der narkotika skulle avkriminaliserast, også for ungdom. Dette vart avvist, men endra retningslinjer frå Riksadvokaten har avgrensa politiets verkemiddel. Resultatet er ein auke i både narkotikabruk og beslag, samt spreiing av kriminelle nettverk. 

Vi er særleg uroa for den aukande kokainbruken blant unge. Noreg er no på tredjeplass i Europa når det gjeld kokainbruk i aldersgruppa 15-34 år. Dette er urovekkjande, sidan kokain kan føre til alvorlege psykiske lidingar og i verste fall dødelege overdosar. Dessverre ser vi at fleire unge oppfattar narkotika som lovleg, noko som bidreg til at fleire prøver det.

Nyleg har det vore ei høyring om politiet sin moglegheit til å bruke tvangsmiddel for å avdekke rusbruk (NOU 2024: 12), som også inkluderer forslag om auka førebygging gjennom mellom anna kommunale rådgjevande einingar. Vi håpar mange har delteke i høyringa om politiet si handheving av narkotikalovane.

Dette meiningsinnlegget er underteikna av desse ordførarane:

Lars Fjeldstad - ordførar Osterøy - Vestland 

Siri Blichfelt Dyrland - ordførar Midt-Telemark - Telemark

Lars Tarald Myrum - ordførar Valle - Agder

Paul Johan Moltzau - ordførar Hurdal - Akershus

Sunni Grøndahl Aamodt - ordførar Modum - Buskerud

Tor Erik Labahå - ordførar Vardø - Finnmark

Marte Larsen Tønseth - ordførar Løten - Hedmark

Svein Roksvåg - ordførar Smøla - Møre og Romsdal

Britt Kristoffersen Løksa - ordførar Hábmer/Hamarøy - Nordland

Ola Tore Dokken - ordførar Nordre Land - Oppland

Jarle Bø - ordførar Randaberg - Rogaland

Gunn Åmdal Mongstad - ordførar Solund - Vestland

Simon Løvhaug - ordførar Salangen - Troms

Gunn Iversen Stokke - ordførar Skaun - Trøndelag

Reidar Kaabbel - ordførar Våler - Østfold

Powered by Labrador CMS