MEINING:
– Når vedlikehald blir utsett, blir det dyrare og farlegare
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Ordførarforum i Telemark Senterparti krev at regjeringa, og den nye samferdselsministeren Kamzy Gunaratnam (Ap), følgjer opp med løyvingar for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane. Dårlege fylkesvegar går direkte utover trafikktryggleiken, næringslivet, reparasjonskostnadene for køyretøy og kvardagen til folk i heile Telemark.
Stortinget har vedteke at regjeringa skal bidra til å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane. Det skal gjennomførast kartlegging av dei dårlegaste offentlege vegane med oppfølging til Stortinget. Ordførarforumet forventar ein forpliktande plan og pengar som monnar i statsbudsjetta framover.
Når vedlikehald blir utsett, blir det dyrare og farlegare. No treng vi fleire gravemaskiner og meir asfalt, ikkje fleire rapportar. Vi i Telemark skal bidra med å synleggjere kva fylkesvegar det hastar mest med å utbetre, og fylkeskommunen er i gang med å lage ein ny plan.
Ordførarforum i Telemark Sp krev at regjeringa sikrar:
1. Ei forpliktande opptrapping for å redusere etterslepet på fylkesvegane.
2. Midlar som gir ei reell heving av standarden på dei dårlegaste strekningane.
3. Prioritering av trafikktryggleik, beredskaps- og næringsvegar i statlege løyvingar.
Uttalen er vedteken av ordførarforum i Telemark Sp, som består av følgjande personar:
Terje Riis-Johansen, fylkesordførar
Siri Blichfeldt Dyrland, ordførar i Midt-Telemark
Stina Anlaug Sætre, ordførar i Drangedal
Jarand Felland, ordførar i Tokke
Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje
Ian Parry-Jones, ordførar i Nissedal
Camilla Lagergren Knudsen, varaordførar i Tokke
Nuno Marques, varaordførar i Notodden
Stian Hauge, varaordførar i Kviteseid
Kjell Sølverød, varaordførar i Siljan