SIDESPRANG:
– For mykje skjermtid og sofakos går på kostnad av mykje annan aktivitet
November er kanskje den månaden folk flest synest er den mørkaste og tyngste.
Den fargerike oktober er det ikkje noko att av, og det er litt tidleg å tenke på julelys utandørs. Dermed er det perfekt tid for sofakos og TV, pc eller mobilskjerm.
Det er så mykje å følgje med på: Frokost-TV, nyheitsmorgon, Facebook, Instagram, tik-tok og Snap chat. Det er berre å skrolle i veg, nye snuttar dukkar opp heile tida. Dei blir fort innstilte på dine interesser, det sørgjer algoritmane for.
No snakkar eg sjølvsagt om oss pensjonistar som eigentleg kan starte om morgonen og halde det gåande til langt på natt, viss vi vil.
Og mange er faktisk hekta på skjerm. Timane går berre avbrote av litt mat og kaffi innimellom. Det er ikkje berre unge som brukar sju, åtte timar på skjerm. Det er lett å bli avhengig for oss eldre òg.
Men er det så gale, da?
Ja, det er ganske gale tenkjer eg. For mykje skjermtid og sofakos går på kostnad av mykje annan aktivitet.
Å reise seg frå sofaen, ha kvardagsaktivitetar inne eller ute er viktig.
Nokre vel å dele tid med andre. Det kan vere gåtur med ein rullestolbrukar, eller ta ein kafetur med nokon som ikkje så lett kjem seg over dørstokken. Eller det kan vere trening ute eller innandørs.
Å halde seg i form er jobb nummer ein for oss eldre. Det er vel dokumentert at trening og fysisk aktivitet kan legge år til våre liv og at vi unngår sjukdommar.
Mange brukar treningssentera for å halde oppe styrke, balanse og kondisjon, som er ferskvare for oss eldre. Kanskje unngår me å falle når glatta kjem i desember og utover.
Eit fall for ein i 70-åra kan fort gjere at det er game over, så å seie. Likar ein ikkje å sveitte ilag med mange andre, finst det alternativ heilt gratis og rett utanfor døra.
Ein dagleg gåtur hjelper mykje. Ikkje minst får ein lufta hovudet og lys i auga. Kanskje noko av dette kan hjelpe til å halde livskvaliteten oppe?
Ofte høyrer vi at det meste ligg i genane, men ein skal ikkje sjå bort frå eigen innsats for å legge nokre år til livet.
Og sjølv om verda går sin skeive gang, så er det alltids moro å følgje med så lenge ein kan.