Meining:

MEINING: Leiar i Midt-Telemark Arbeiderparti, Karin Hagen.

– Engasjer deg - det nyttar!

Publisert

Me er heldige som bur i eit land der me kan vere med og påverke korleis samfunnet vårt blir styrt. Kvart einaste val gir oss moglegheita til å seie meininga vår - anten det er kommuneval, fylkestingsval eller stortingsval. 

Du kan stemme ved kvart val. Du kan melde deg inn i eit parti og vere med å forme politikken. Du kan delta på møte, stille spørsmål, utfordre og foreslå. Du kan påverke alt frå kvar fotgjengarovergangen skal liggje i bygda, til kva retning Noreg skal ta i klimapolitikken. Og det stoppar ikkje der.

Du kan til og med stille til val sjølv! Sitte i formannskapet, ulike utval og kommunestyret. Du kan vere med på å ta avgjerder som faktisk merkast i kvardagen til folk.

Mange av oss brukar tid i kommentarfelta på sosiale medium. Og ja - engasjementet der kan vere stort. Men lat oss vere ærlege: politikk blir ikkje skapt i kommentarfeltet. Der kan du få mange likes (og mykje pes) - men null reell innverknad. Den får du først når du stemmer, møter opp, melder deg inn og engasjerer deg.

 Førehandsrøystinga er i gang. No er det din tur til å vere med å bestemme.

Hugs: Demokratiet fungerer berre viss me brukar det.

 



Powered by Labrador CMS