MEINING:

LOKAL BANK: SpareBank 1 Sør-Norge i Bøgata.

– Eit skammeleg bankgebyr

Eg er kasserar for eit lag/foreining som arrangerer dansefestar for eldre ein gong i månaden. 

Me har kontant betaling, og i den forbindelse har me skaffa oss eit innskotskort i Sparebank 1. Tidlegare har me blitt belasta for 50 kroner i årsgebyr, men i år var plutseleg årsgebyret heva til 300 kroner! 

Går det an? Ja, dei store kan ta frå dei små. Skal me godta alt? Eg synest dette er uhørt! Håper fleire reagerer på dette!

Powered by Labrador CMS