SIDESPRANG:
– Eg vil gje deg tre uoffisielle beredskapsråd
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Vi bør førebu oss på å klare oss sjølve i éi veke, står det i brosjyren med tittelen «Beredskapsinformasjon», som dumpa ned i postkassa mi på nyåret.
Utan straum og varme, internett og mobildekning, drikke- og sanitærvatn. Finn deg ein beredskapsvenn, lær deg desse nummera, og berekn ekstra vatn for å skylje ned toalettet. Men har ikkje styresmaktene gløymt noko heilt vesentleg i råda om eigenberedskap?
Då Noreg stengde ned under pandemien, var eg ein av dei som hamstra dopapir i rein panikk då eg såg at det minka i butikkhyllene. Skamfull gjekk eg heim med den store posen under armen.
Venninna mi derimot, hamstra ikkje dopapir. Ho har vore førebudd på ei krise sidan forfedrane hennar kjempa mot nazistane. Å halde moralen oppe er viktigare enn dopapir, konstaterte ho. Ho lista opp frå beredskapslageret sitt: Andeconfit, lagringsvin og sjokolade. Det var pandemi, og ho skulle kose seg.
I ei framtidig krise bør du altså førebu deg på å halde moralen oppe. Lag deg eit beredskapslager med andelever og fenalår. Ostepop og brennevin. Snus og kaffi! Hamstrar du sjokolade for anledninga, er det eit dyrekjøpt tips å velje ein sjokolade du veit kan ligge trygt for søtmonsar, til dømes Firkløver.
Mi venninne kunne også fortelje om ein annan ven som har lært av historia og hamstra latterlege mengder pulverkaffi i kjellarboden. Under andre verdskrig var det nemleg strenge rasjonar på enkelte matvarer. Mjøl, sukker og kaffi var ettertrakta på svartebørsen. Kaffi blei ein valuta, og kan bli det igjen.
I ei framtidig krise bør du altså førebu deg på enkel bytteøkonomi. Med det i bakhovudet vil eg også slå eit slag for hamstring av kvit Monster og Pepsi Max.
I tillegg til å kose deg med snus og vurdere verdien av den nye valutaen din, bør du i ei framtidig krise ha eit straumlaust tidsfordriv.
Nyleg høyrde eg om ein mann på Notodden som har kjøpt seg beredskapsbok (Markens Grøde) og laga beredskapsquiz. Her gjeld det å finne eit brettspel som er gøy og samtidig bevarer freden i familien. I ei framtidig krise bør du ha kortstokken i orden og nok terningar til yatzyen.
For ein nasjon der hygge nærmast er ein grunnlovsfesta rett, er det klart vi må vere førebudd på å kose oss også. Følger du desse uoffisielle råda, kan du fort bli nabolagets mest ettertrakta beredskapsvenn.