MEINING:
– Eg vil bli verande her
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Eg flytta ikkje til Gvarv for å trekkje meg tilbake. Eg flytta hit for å få røter.
Dei første åra som skodespelar arbeidde eg mellom anna ved Kilden i Kristiansand og Den Nationale Scene i Bergen. Eg fekk krevjande roller, gode kollegaer og høve til å utvikle meg i yrket eg hadde valt. Prøver på dagtid, framsyningar om kvelden. Arbeidet var intenst og givande.
Men eg kjende meg stadig mindre heime i mitt eige liv. Jobben var på lånt tid. Bustaden var leigd. Eplekassane eg hadde hatt med meg frå Hardanger, følgde med på flyttelasset. Eg utvikla meg som skodespelar, men hadde lite å slå rot i utanfor arbeidet.
Så kom Gvarv. Eplebygda og Norsjø minte meg om landskapet eg voks opp i. Her fanst kunstnarar, eit kulturliv og eit samfunn eg ønskte å bli del av. Her kunne eg og ho som seinare blei kona mi, byggje eit liv som romma meir enn neste kontrakt.
Eg er blitt glad i å bu ein stad der ein må omgåast folk som ikkje nødvendigvis meiner det same som ein sjølv. Ein må få det til å fungere. Ein må stille opp. For ein skodespelar, som lever av å prøve å forstå andre menneske, er det mykje å lære av det.
Men ein skal jo leve også.
Ei tid tok eg nattoget til Stavanger søndag kveld og kom heim laurdag. Andre engasjement førte meg tilbake til Bergen, med doble buutgifter og lange reiser over fjellet. Å bu her og arbeide andre stader kan gå ei stund. Det kostar noko å få det til over tid.
For meg blei tilsetjinga i Skuespiller- og danseralliansen, SKUDA, avgjerande.
SKUDA er arbeidsgivar for profesjonelle skodespelarar og dansarar som arbeider i korte engasjement hos ulike produsentar. Tilsetjinga krev at vi held fram med eit omfattande kunstnarleg arbeid utanfor alliansen. Når eg har arbeid andre stader, har eg permisjon utan løn frå SKUDA. Mellom produksjonane kan eg halde kompetansen ved like, førebu nye oppdrag og utvikle prosjekt.
Tryggleiken har gjort det mogleg å planleggje eit yrkesliv, og eit familieliv, her.
Eg har fått skrive, regissere og spele. Eg har turnert i Telemark og Vestfold, samarbeidd med andre kunstnarar og møtt publikum i ulike aldrar. I haust har eg reist med ei framsyning eg sjølv har skrive og regissert, til barnehagar rundt i Telemark. Eg har også fått større rom til å forplikte meg gjennom styreverv og fagforeiningsarbeid.
Det er dette eg ønskjer å halde fram med. Å skape noko herfrå, for menneske eg deler kvardag og landskap med, og ta det vidare ut.
No er denne tryggleiken under press. Regjeringa foreslår ei løyving for 2027 som ifølgje SKUDA ligg om lag 5,5 millionar kroner under det dei treng for å halde oppe dagens kunstnarstab. Alliansen reknar med at minst 20 skodespelarar og dansarar kan miste jobben dersom forslaget blir ståande.
Eg veit kva ordninga har hatt å seie for meg. Eg ville ha forlate yrket utan denne ordninga.
Det finst mange måtar å bidra til eit lokalsamfunn på. Min er mellom anna å stå på ei scene, skrive ei historie eller skape eit møte med eit publikum. Skal eg kunna gjere det over tid, treng eg eit arbeidsliv som også gir plass til å vere far, nabo og medborgar.
Eg håpar Stortinget sikrar finansieringa som lèt SKUDA halde på kunstnarane sine. For oss som bur utanfor dei største byane, handlar det også om moglegheita til å bli verande.