INNFLYTTAREN:

INNFLYTTAR: Lasse Sæland Neslein.

– Eg trivst, men det blir planlagt for mange firkanta, moderne bygg i Bø 

Lasse Sæland Neslein (34) likar seg veldig godt i Midt-Telemark, men synest arkitekturen i sentrum har potensiale. 

Publisert

Når flytta du til Midt-Telemark?

– Eg flytta hit sommaren 2023.

Kvifor flytta du til Midt-Telemark?

– Kona mi er frå Midt-Telemark, og me budde fleire år saman i Ålesund. Då me begynte å planleggje barn, ville me nærare familien, og då var det naturen og miljøet i Midt-Telemark som fekk oss til å lande på å flytte hit.

Kvar kom du frå? 

– Eg kjem opprinneleg frå Siggerud i Nordre Follo.

Kva gjer du her? 

– Eg arbeider som byggjeleiar for Telemark fylkeskommune. Fram til nå har eg jobba på prosjekt fylkesveg 359 Kaste-Stoadalen i Nome kommune. Nå i haust og vinter kosar eg meg i pappaperm med dottera vår.

Kva likar du med Midt-Telemark? 

– Eg likar godt tilgangen til den fine naturen og det gode klimaet. Etter å ha budd på nordvestlandet i elleve år, er det heilt fantastisk med så mykje fint og stabilt vêr! I tillegg likar eg at det er mange andre innflyttarar i bygda, som gjer det lett å vere ny her.

Kva likar du ikkje med Midt-Telemark?

– Sidan eg er glad i å vere på tur, har eg lagt merke til at bommane her i Midt-Telemark ofte er stengde i staden for at ein kan betale seg vidare. Eg hadde gjerne betalt ein grunneigar for å kome litt lengre opp og inn i naturen med bil.

Kva kan Midt-Telemark bli betre på? 

– Eg synest det er og blir planlagt for mange firkanta moderne bygg i Bø sentrum. Elles er eg stort sett nøgd med Midt-Telemark. 

Blir du verande i Midt-Telemark?

– Ja, eg trivst godt i kommunen. Me har fått eit godt vennemiljø her, og det er veldig deilig å ha besteforeldre og familie i nærleiken. 

Powered by Labrador CMS