Sidesprang:

– Eg håpar foreldre fortsatt opplever barn som er i opposisjon
Generasjonskløft var eit ord vi ofte hørte i fortida.
På 1950- og -60-talet uttrykte dette omgrepet avstanden mellom dei unge som var født etter 2. verdskrig og foreldra deira.
Ungdomskultur blei ein ”kultur” for seg, og var veldig forskjellig frå foreldregenerasjonen sine veremåtar og smak innafor til dømes musikk, klesstil og politiske haldningar.
Langt hår på gutar var ein raud klut. Det var eit ungdomsopprør som retta seg mot foreldregenerasjonen og samfunnet som dei hadde skapt.
Den mykje omtalte 68-generasjonen gjorde seg sterkt gjeldande i samfunnslivet etter kvart.
Eg var ung vaksen på 1970-talet, og eit uttrykk for lausriving frå foreldregenerasjonen var å flytte ut heimefrå og finne si eiga plattform uavhengig av foreldra.
Å reise på ferie med foreldre var uaktuelt. Mobilen fanst ikkje, men det blei kanskje ei samtale på noteringsoverføring ein gong i veka, eller sjeldnare.
Banda til foreldra blei igjen sterkare når ein blei foreldre sjølv, og våre foreldre blei besteforeldre. Likevel var ein oftare saman med vener med barn på same alder i feriar og fritid.
No kan det sjå ut til at dette skiljet mellom dei ulike generasjonane er meir viska ut. Foreldre opplever, håpar eg, framleis barn og ungdom i opposisjon, noko som er ein viktig del av det å finne seg sjølv.
Likevel ser ein at foreldre og barn, ja jamvel besteforeldre, deler smak og interesser på mange område.
Ofte er tre generasjonar saman i feriar, som er eit kinder-egg for unge foreldre som derved både får barnevakt, ferie og ikkje sjeldan god økonomisk støtte. Rollene mellom foreldre og barn verkar uklare, og foreldra blir ”vener” med barna og kanskje meir utydelege vaksne.
Kvifor har det blitt slik? Er det den digitale verda, mobilen eller media som har skulda?
Tilbodet av underhaldninger er overveldande, både for vaksne og barn.
Generasjonane sit bøygd over mobilen. Er det vi finn på internett og skjerm verkeleg verdt å bruke så mykje tid på som mange gjer?
Framleis vil eg påstå at barn og unge treng tydelege vaksne som set rammer rundt oppveksten.
Generasjonskløftene treng vi ikkje, men vi treng nokre grenser mellom livsfasane som sikrar overføring av berekraftige og tydelege verdiar.