Meining:

– Det er uforståeleg at ungane og tilsette ved Folkestad skule skal plagast nå igjen
Det er for meg uforståeleg at ungane og tilsette ved Folkestad skule skal plagast nå igjen, med truslar om nedlegging. At dei skal leva med usikkerheita om å kunne bli rivne opp med rot frå det trygge, gode miljøet.
Frå tunet mitt ser og høyrer eg korleis dei utfaldar seg i leik, og i samspel med kvarandre. Korleis dei tvers igjennom, med heile seg, frydar og gleder seg.
Frå kjøkkenvindauget mitt ser eg korleis dei spring i iver på vintervegen/skogsstien. Dei undersøker livet under steinar og elles på skogbotnen, brukar snikkarsag og lagar seg emne av gamle greiner som ligg på bakken.
Når eg går litt lenger nedover stien, ser eg korleis dei har utfalda seg i fri leik ved å lage til "koseplassar" av trekubbar og greiner som ligg att etter skogshogsten. Alt dette til ein fantastisk fuglekonsert beståande av svært mange forskjellige fugleartar.
Dette gir ungane ein unik start i livet: Ein naturleg og sunn grunnvoll å byggje resten av livet sitt på. Ei betre gåve går det vel ikkje an å gje ungane våre, og oss sjølve.
For desse ungane blir Bø si framtid. Ungane er den mest verdifulle rikdomen me har. Må me vite å verdsetje dei, hegne om dei, leggje forholda til rette så dei kan fortsette å utvikle seg til så gode og sunne vaksne som mogleg.
La oss gje framtidige generasjonar denne gåva.