MEINING: Torbjørn Roe Lahus
Privat
– Det er kommunestyret som bestemmer i hamburgerdebatten
Eg har følgd debatten om etablering av Burger King i Bø sentrum med stor interesse, og blei veldig glad da eg såg forslaget som kom opp denne veka om å etablere McDonald´s i tilknyting til Bøsenteret, med parkeringsløysing på taket og eit bygg som fell godt inn i terrenget. Eg meiner at når me først skal ha fastfoodkjede i bygda, så må denne løysinga vere midt i blinken. Eg tenkjer også at politikarane bør få regulert dette forslaget så snart som råd. Det er viktig ettersom det ikkje er bebyggelse og noko anna å ta omsyn til i dette området.