SIDESPRANG:

FAST SPALTIST: Jarle Sten Olsen er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.

– Det er eitt enkelt nyttårsforsett som alle i Midt-Telemark kan få til

Publisert Sist oppdatert

Januarmorgonar i Midt-Telemark er stille på ein måte berre bygdene våre kan vera stille. 

Rimfrost over frukttre, eit slumrande mørke som så vidt rekk å sjå dagslys, og berre eit par bilar som glir sakte gjennom gata.

Eit nytt år har akkurat starta. Medan nokon tenkjer optimistisk på nyttårsforsett som skal etterlevast, er andre kanskje meir bekymra, på eigne eller kommunen sine vegner.

For ja, me slit med trong økonomi og er sette på ROBEK-lista. 

Det blir planlagt både McDonalds og Burger King, som om fleire burgersjapper skal redde oss frå bekymringane. 

På Lifjell sprett hyttefelta opp som om fjellet var ein uuttømeleg ressurs, og gamle skispor forsvinn i takt med frammarsjen til gravemaskinene. 

Og nede i bygda kranglar me framleis om rånarbilane som bråkar for mykje for nokon og verkar å bety alt for andre.

Det er med andre ord nok av lokale saker å bekymre seg over, om ein ønskjer det. 

Men ein kan òg velje å sjå på alt det positive i kommunen vår. Me har eit blomstrande kulturliv, ein svært aktiv kulturskule og til og med eige litteraturhus. 

Studentane ved USN skaper liv året rundt. Folk ryddar stiar og held badeplassar i orden. 

Idrettslag, kor og frivillige står på, arrangerer festivalar og sørgjer for at ungar finn glede i å spela fotball, handball eller øva med korpset.

Fast spaltist: Jarle Sten Olsen

Jarle Sten Olsen (61) er innflytta bergensar i Midt-Telemark og bur no i Roegrenda. 

Han er tidlegare TV-produsent, og vart omskolert til lærar då han kom til Bø i 2007.

Jarle er tilsett ved Hjalmar Johansen vidaregåande skule i Skien, men er for tida videoprodusent i NDLA. I ledige stunder skriv han krimbøker.

Me har bønder som står opp før sola og sørgjer for at me framleis er ein kommune der mat og frukt faktisk blir produsert, ikkje berre kjøpt. 

Unge gründerar startar verkstader, kafear og små bedrifter – ofte utan særleg sikringsnett, men med eit stort ønske om å bidra. 

Og me har folk som stiller opp når det trengst: køyrer eldre til lege, handlar for ein nabo, arrangerer bruktmarknad for å halda ting i krinsløpet litt lenger.

Kanskje nyttårsforsettet for 2026 ikkje treng å vere så stort? 

Kanskje det berre handlar om å gjere litt meir av det me allereie er ganske gode på: møte opp på ein dugnad, heie på idrettsungane, handle lokalt når me kan og bry oss. 

Midt i alle utfordringane me står overfor er det noko me alle kan få til. 

Midt-Telemark treng menneske som vil kvarandre vel. Og det er eit forsett me alle kan klara å etterleve. 

Powered by Labrador CMS