SIDESPRANG:

FAST SPALTIST: Tone Aarnes er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.

– Det betyr noko for oss korleis det fysiske miljøet rundt oss blir

Publisert

Bø-bygda har vakse og endra seg mykje. Det har vore ei rivande utvikling med stor byggeverksemd, og nye byggefelt har vakse fram som følgje av tilflytting. 

Handel, utdanning og turisme har vore sterke og positive drivarar bak utviklinga dei siste 50 åra. Eit flott universitets- og kulturanlegg har vakse fram. 

Siste ledd i utviklinga er storutbygginga i tilknyting til Bø hotell. Driftige folk har vore villige til å ta sjansar, og dei har vore møtt av ein ja- kommune som har ynskt og lagt til rette for utvikling og vekst. 

Bø har beint ut blitt eit kraftsenter i regionen som det er attraktivt å flytte til, og folketalet har auka.

Utviklinga har òg sett sine spor. 

Vel er hovudstrukturen i Bø sentrum den same, men medan nokre av dei gamle bygningane har blitt renovert på ein god måte, har andre nybygg kanskje ikkje vore like heldige. Ein kunne ønske at nye bygg stod i ein større samanheng med nabobygga. 

I Bø har diskusjonane ofte handla om takform, saltak eller flatt tak. Flatt tak blir ofte sett på som eit framandelement, medan saltak representerer den lokale, tradisjonelle byggeskikken. 

Fast skribent: Tone Aarnes

Tone Aarnes, neshering frå Årnes som finn seg vel tilrette i den fine alliansen Midt-Telemark, med bustad på Langkåshaugen. 

Realskule og gymnastid i Bø, og etter studietid i Oslo, Bergen og TDH i Bø, (skulefag alle stader), blei fyrste jobb på Honningsvåg vgs på Nordkapp, deretter Lunde vgs. Dei fleste åra blei på Bø vgs som lektor og avdelingsleiar. 

No er Tone pensjonist og fyller livet med det som gir energi, mellom anna reiser, trening, lesing, vener og ikkje minst, to barnebarn.

Stygt og pent i byggeskikk er likevel ikkje berre snakk om takform. 

Mange i Bø vil framleis hugse det gamle fire etasjar høge internatbygget som raga opp som ein del av det gamle gymnasanlegget, den såkalla «Geitosten». 

Det var eit bygg som var framandt i Bø i 1958, og som mange nok var kritiske til då det vart reist, men som hadde stor estetisk verdi som del av eit tun. 

Me var fleire som kjente på tap av ein identitetsmarkør då bygget blei rive i 2011 og erstatta av ein nokså grå, stor idrettshall. 

Internatbygget hadde ikkje lenger nokon funksjon, og enda bokstavleg i ein skraphaug. 

Bygga og det fysiske miljøet omkring oss handlar også om kjensler, og at noko er forbi, og nye tider skaper nye behov. 

Svært gledeleg er det at nokon vil renovere gamle bygningar, og etablere ny verksemd i dei. Hurra for ny kinarestaurant i gamalt bygg i Stasjonsvegen.

Det vert også spanande å sjå korleis den nye inngangen til gata vil bli. Utforminga av dette sentrale hjørnet i Midtbygda-krysset skal vere med oss i tiår framover, og det betyr noko korleis det fysiske miljøet rundt oss blir.

Powered by Labrador CMS