SVAR FRÅ NOME KOMMUNE: Frid Berge, kommunalsjef samfunnsutvikling i Nome kommune.
Bø blad, arkiv
– Burger King-utbyggjaren sitt forslag om bytehandel er totalt skivebom
Eg les med litt store augo artikkel i Bø blad 21.mars, der forslagsstillar Morten Glenna no kjem med ein ny tvist: Ein bytehandel der han tilbyr kommunen å bygge leikeplass og parkering på tomta der det raude sveitserhuset sto, mot at kommunen hever vernevedtaket slik at han kan rive Bøgata 83. Det blir i artikkelen visa til at PTN tilbake i 2012 fatta vedtak om heving av vernevedtak av Skogen Gard og at dette vedtaket dannar presedens.