H
Bit for bit byggjast naturen ned
I eit lesarinnlegg i Varden 15. juni, svarar ordførar Siri Blichfeldt Dyrland og utvalsleiar Øystein Slettebø oss i Naturvernforbundet i høve til Store Damtjønn-hyttefelt i Sauheradfjella.
Me synest dessverre at svaret til dels er misvisande, til dømes framstillinga av funna i Asplan Viaks rapport. Lat oss gjera det klinkande klart med éin gong: Det er ikkje slik at rapporten Naturvernforbundet bestilte, berre var viktig på grunn av éin ny (nasjonalt truga) raudlisteart. Tvert om er den undersøkte lokaliteten av biolog karakterisert som ein naturtype av nær nasjonal bevaringsinteresse (nær A-verdi), der potensialet for nye funn er betydeleg. Dette er eigentleg ikkje overraskande, i og med at området består av gammalskog med furu- og grantre opptil 300- og 400 år gamle. Slike gammalskogområde er i Noreg i dag truga og sjeldne, men bevaringa av dei er heilt essensielt for å kunne oppfylle krav til ivaretaking av biologisk mangfald. Det er nemleg i slike skogar at førekomstane av raudlisteartar er verkeleg store.