MEINING:

STYRELEIAR: Karl Gunnar Sanda er styreleiar i Bø blad.

Aksjesal i Bø blad og bruk av forkjøpsrett

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert Sist oppdatert

30. oktober har Hans Bredrup eit meiningsinnlegg i Bø blad knytt til aksjesal og bruk av forkjøpsrett. 

Bakgrunnen er at han, som utflytta bøhering, ønskjer å bli aksjeeigar i Bø blad as (BB as), men ikkje har fått dette til på grunn av at nokre aksjeeigarar har nytta seg av forkjøpsretten sin.

Bredrup har tatt kontakt med mange av småaksjonærane i BB as og gjort avtale med 5 av dei om å kjøpe til saman 6 aksjar. 

I tråd med vedtektene godkjente styret salet av dei 6 aksjane til Bredrup, og salet blei så annonsert. Innan fristen på 1 månad var det 4 eksisterande aksjonærar som ønskte å nytte den vedtektsfesta forkjøpsretten sin til å kjøpe 1 til 2 av dei utlyste aksjane. Desse kjøparane arbeider i Bø blad og i avisa Kanalen (Kanalen er dotterselskap til Bø blad).

Bredrup stiller spørsmål ved om kva formålet kan vere med å blokkere nye aksjeeigarar som viser initiativ, alternativt om dette handlar om å halde visse personar utanfor eigarskapet til BB as.

Kva den enkelte aksjonær, anten desse arbeider i Bø blad eller ikkje, vel å bruke som argument for å nytte seg av forkjøpsretten sin, kan ikkje eg svare for. Det eg veit er at styret på si side har ønskt Bredrup velkommen som aksjonær ved å godkjenne salet til han.

Bø blad as vart stifta i 1986 og var frå starten eit folkeaksjeselskap der mange løfta i flokk for å gje eit økonomisk grunnlag for å drive ei lokalavis i dåverande Bø kommune. Nokre få store aktørar kjøpte nokre 10-tals aksjar, mens mange bygdefolk kjøpte ei eller to aksjar kvar. 

I tidas løp har det skjedd store endringar i aksjesamansetninga, ofte ved at eksisterande aksjonærar har nytta seg av den vedtektsfesta retten til forkjøp når aksjar har kome på sal. Dette er altså ikkje noko nytt.

Per i dag er det 3 større eigarar av dei i alt 411 aksjane i Bø blad as:

Lepperød Invest as 114 aksjar

Midt-Telemark kommune 50 aksjar

Sparebanken Din 40 aksjar

Dei resterande 207 aksjane (50,36 %) er fordelt på mange småaksjonærar som kvar eig mindre enn 5 % av aksjane. 

Ifølgje «Proff forvalt» er dei største småaksjonærane: Bø blad as (16), Bø Ungdomslag (11), Skarphedin IL (11), Per Arntzen (10), Torbjørn Lahus (7), Marta Kjøllesdal (6), Johanna Bakker (5), Hilde Eika Nesje (5), Hege Dorholt (5), Kristian Karlsen (5), Øystein Akselberg (5), Linn Vefald (5), Gro Røiland (5) og Tor Espen Simonsen (5).

Den observante lesar vil finne at fleire tilsette i Bø blad og Kanalen er mellom dei som har investert eigne sparepengar i aksjar i arbeidsgjevaren sin. 

Dette er eit resultat av at både styret og generalforsamlinga har ønskt, og lagt til rette for, at dei tilsette kan eige mindre aksjepostar i selskapet for å skape eit sterkare eigarforhold til det dei er med på å produsere.

Ein kan undre seg over kvifor enkeltpersonar og aktørar brukar pengar på å kjøpe ei eller fleire aksjar som truleg aldri vil gje utbytte (for då settast den statlege pressestøtta til lokalavisa i spel). Med ein sterkt forankra norsk redaktørplakat har heller ikkje aksjeeigarar eller styret høve til å påverke innhaldet i avisa.

Den viktigaste grunnen trur eg er at institusjonar og bygdefolk finn ein verdi i å eige sin del av lokalavisa, som er ein viktig del av samfunnsveven i Midt-Telemark kommune. Avisa bidrar både med nyheiter, reportasjar om bygdeliv, annonser og som ein viktig debattarena for lokalsamfunnet.

Til slutt i lesarinnlegget, og i eige brev til styret, har Bredrup bedt oss om å be dei tilsette om å vise tilbakehald ved bruk av forkjøpsrett. Med dei aksjepostane dei tilsette no sit på (mindre enn 10 aksjar kvar), ser ikkje styret at det er behov for å be dei tilsette om slikt tilbakehald.

Powered by Labrador CMS