MEINING:

SENTRUM: Problemet er ikkje normal trafikk, men støyen frå basskasser, meiner innsendaren.

– Ærleg talt, ja, Kristoffersen

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Meiningsinnlegget som Kristoffersen viser til i Bø blad i sitt svar er underteikna meg, på vegner av 41 plaga bebuarar i og rundt Bø sentrum. Da er det også greitt å vende seg mot dei 41 ein annan gong, kanskje? 

Joda, me klagar framleis på basslyd frå subwoofarar utvikla og marknadsførte for å plage, og det kjem me framleis til å gjera. 

Slik blir bassanlegga marknadsførte av produsentar i USA:

«forstyrre freden, truge autoritetar, forårsaka hjarteinfarkt hos personar over 40, nekte å skru ned volumet, rasle folk frå bura deira av sjølvtilfredsheit, la naboar FØLE at du kjem, og at dei høyrer deg; kjøp subwoofere som slår ut og bløyter trommehinnene».

Toget som køyrer forbi her høyrer me ikkje noko til, heller ikkje normal trafikkstøy utover større vare- og lastebilar som leverer varer. Når ikkje fellesskapen din dundrar forbi, då.

Eg har sjølv lang erfaring med ungdom: Både som sjef på marinefartøy med skiftande besetningar på 40 mann, inkludera 30 19-20 årige rekruttar under opplæring i tenesta ombord, og på det menneskelege planet.

Eg kan forhalde seg til andre, til dømes -som konstituert dagleg leiar og seinare kontorsjef i Bø Sommarland, og som dagleg leiar for Nærkringkasting Grenland med 60 unge tilsette og frivillige medarbeidarar.

Såkalla råning (booming) i Bø sentrum er IKKJE noko ungdommar frå 16 år og oppover skal driva med. 

Det er helseskadeleg, også for dei i bilane, og det øydelegg livskvaliteten til ei rekkje menneske. Det er også forbode etter fleire lover, blant anna Trafikkreglenes paragraf 16.4.

Så for å avslutte, Kristoffersen, du gjer deg til talsmann for at ungdommar skal få bryte lova, og det passar seg ikkje for ein person i din alder synest eg.

Prøv heller å hjelpe til med å finne andre løysingar for dei unge som «sit heime og kjedar seg».

 

Powered by Labrador CMS