MEINING:
– Å erklære seg inhabil er noko ordføraren sjølv må gjere
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
I ein artikkel i Bø blad si nettavis, publisert 9. november, er overskrifta «Krev at ordføraren trekkjer seg frå «rånarsaker».
Me vil presisere at i brevet som blei sendt til ordføraren etter eit bebuarmøte i sommar, skriv me:
Det vart vedteke å sende ordføraren eit grunngitt skriv der ho sterkt blir beden om å erklæra seg inhabil i alle saker som omhandlar råning.
Brevet hadde tre punkt som grunngjeving til at me ber om at ho sjølv erklærer seg inhabil.
Punkt 1 handlar om at me ikkje har tillit til ordføraren i denne saka. Me har ikkje opplevd at ordføraren har gjort noko merkbart overfor bebuarane for å avhjelpe situasjonen med helsefarleg og ulovleg støy i sentrum.
I punkt 2 viser me til ein arrangert «One Night Stand» før stortingsvalet, der tidlegare stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jakobsen og ordføraren var til stades. Her er eit utdrag av det som står i brevet om det:
I sentrum køyrde utplukka bilar med musikk som så vidt høyrdest. Me har ikkje opplevd slik stillheit sidan me flytta inn, og me forstod raskt at dette var eit velregissert show; ei forfalsking av sanninga. Ingen lågfrekvent bass frå bilar og mopedbilar, ingen motorsyklar eller traktorar utan potte. Ca. klokka 22:00 var skodespelet over, og råninga satte i gang igjen, med full lågfrekvent bass.
Så kan ein spørje seg om korleis råninga vart framstilt på Stortinget etter besøket her.
I punkt 3 peikar me detaljert på at ordføraren har nære relasjonar til nokon i rånarmiljøet, noko som me meiner kan vere med på å gjere ho inhabil.
I sitt svar til oss om habilitet skriv ordføraren:
Det er uansett kommunestyret som kan erklæra ein representant eller ordføraren inhabil og ikkje ei gruppe innbyggjarar.
Me svarer:
Desse 14 bebuarane er ikkje ei gruppe innbyggjarar som erklærer ordføraren inhabil, me er 14 bebuarar som sterkt ber ordføraren om å erklæra seg inhabil i alle saker som omhandlar råning.
Å erklære seg inhabil er noko personen det gjeld sjølv må gjera.