REDAKTØR I 20 ÅR: Hilde Eika Nesje starta som redaktør i Bø blad 15. november 2006.

– Sjølv alle dei som kjeft­ar på meg har ein funksjon

Dette er eit meiningsinnlegg skrive av redaktøren i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.

Publisert Sist oppdatert

20 ÅR! Så lenge - og så kort. Talet viser tida som redaktøren i lokalavisa di har halde det gåande i same jobb.

Det er ikkje så trendy å bli verande for lenge på ein plass i dag. Ein skal helst rullere raskt og vise at ein er ”framoverlent og endringsvillig” - samt at ein kanskje har store ambisjonar for seg sjølv.

Likevel er det relativt mange som fortsatt feirar slike jubileum rundt om i Noreg. Kvifor eigentleg? Kva er det som gjer at ein blir?

Rett nok kan det vere lurt å skifte beite innimellom, slik at ein ikkje størknar, men samlar ny erfaring og utviklar seg vidare.

Mange byttar jobb fordi dei har det kjede­leg, ikkje kan påverke eller ikkje likar seg. Da er det lurt å bevege seg vidare.

For meg har det handla om å ha nok ut­ford­ringar, at eg trivst og at det eg gjer kjen­nast meiningsfullt. Planen var å bli i heim­bygdas vesle lokalavis i fem år. Punktum. Så kvifor har det blitt 20?

FOLK! Eg jobbar med ein drivande dyktig og innsatsvillig gjeng. Slik har det alltid vore i Bø blad. Det er fine tilsette her, dei fleste blir verande i årevis, dei trur på det me driv med og arbeidsmiljøet er godt.

I tillegg treffer me utruleg mange flotte innbyggjarar som stiller opp med gode tips og vilje til å fortelle historiene sine. Utan alle desse folka er lokalavisa ingen ting.

Sjølv alle dei som korrigerer og har kjefta på redaktøren gjennom åras løp har ein funksjon - det er læring og erfaring i desse møta også.

UTFORDRING! Det har aldri blitt kjedeleg. Utfordringane har stått i kø. Utviklinga i mediebransjen har vore formidabel dei siste 20 åra, med store teknologiske og marknadsmessige endringar.

Me har gått frå papiravis ein dag i veka til å levere 24/7 på digitale flater. Form og innhald har endra seg og inntektsgrunn­laget har blitt snudd på hovudet. Dessutan må me kjempe om lesarane på ein heilt annan måte enn før, og dei me kjemper mest mot er nokre gigantar i utlandet.

Mykje av dette kan vere litt overveldande for ei lita avis som fortsatt står utanfor eit mediekonsern (sjølv om me sjølv kjøpte opp Kanalen, lokalavisa i Nome, i 2017) og bare har fire redaksjonelle medarbeidarar utanom redaktøren. Me finn likevel vegen, og veit at me må gå den retninga der ingen kan slå oss.

MEINING! Den viktigaste grunnen. Å jobbe i lokalavisa kjennest viktig.

Det er ingen som skriv så mykje om det som skjer der folk bur enn lokalavisene, og arbeidet me gjer blir stadig viktigare. Frie og uavhengig medium som er redak­tør­styrte og basert på fakta trengst i ein påtrengande informasjonsflaum, og lokal­avisa er nødvendig for å å vakte ytringsfridomen og norsk språk.

Det gir meining - stor og nesten overveld­ande meining.

Så da får det heller vere at ein etter 20 år alltid er på - og at Bø blad står limt i panna kor enn ein beveger seg.

Eg har ein kjempespennande jobb - den er rett og slett ein livsstil.

Powered by Labrador CMS