
Siste finpuss: – Nå er det tut og køyr
Vetter og troll, prinsesser og gode hjelparar myldrar i kulturhuset. Nå er det siste finpuss før 23 barn og unge skal på scenen.
I mange månadar har dei jobba fram mot årets teaterframsyning av, med og for barn i Midt-Telemark.
Fredag 21. mars brakar det laus i Gullbring med premiere på «Askeladden på eventyr». Da skal 23 barn og unge i alderen 11 til 16 år på scenen.
Frå og med søndag er det øving kvar dag.
– Nå er det tut og køyr mot premiere, seier Gry Hege Bergan Vreim.

Frå Frankrike
Teatergruppa, som blir leia av Gry Hege og Jon Rørmark, byr på ny framsyning kvart år. Inspirasjon til å ta tak i Askeladden kjem frå Frankrike, fortel Gry Hege.
– Mi franske venninne som jobbar på bibliotek, fortalde meg at fransk ungdom les norske folkeeventyr. Dei synest det er eksotisk. Så kvifor brukar ikkje me norske folkeeventyr meir sjølve? Eventyra er bra materiale, og me står fritt til å lage vår eigen vri som passar med dagens ungdom, seier Gry Hege.

To eventyr i eitt
Det har Midt-Telemark barne- og ungdomsteater gjort, laga sin eigen eventyrlege vri. To eventyr om Askeladden, «Prinsessa som ingen kunne målbinde» og «Askeladden og dei gode hjelparane», er slått saman til eitt. I tillegg har dei lagt til troll og ei ekstra prinsesse.
Manus er skrive av Kristine Vreim, tidlegare teaterelev og i seinare år medhjelpar på produksjonane.
– Historiene vil vera gjenkjennelege. Me har ikkje lagt det til moderne tid, men til eit tidlaust eventyrrom, seier Gry Hege.
I år som tidlegare er det to framsyningar. I tillegg til premieren fredag kveld, er det framsyning laurdag ettermiddag.

Gjenbruk og nyskaping
Instruktørar er Gry Hege Bergan Vreim og Jon Rørmark. Jon har også skrive ny musikk og fire songar, samt hatt ansvar for scenografi. Elevane har også bidratt på tekst.
Foreldra er som alltid djupt involverte i teaterproduksjonen, noko som er ein føresetnad for å få det til.
– Her er det timesvis med dugnad, det er me heilt avhengige av, seier Gry Hege.
Ho fortel at kostymegruppa har vore i sving sidan lenge før jul. Mange kostyme er nye, men nokre har vore i bruk før, i teater på Kvennøya.
– Me gjenbrukar ein del kostyme frå «Veslefrikk», seier Gry Hege Vreim.