– Om du meiner noko om kommunen din, bør du i alle fall ikkje sitje heime å klage
Fleire lokalpolitikarar i Midt-Telemark har nyleg gått saman om ein viktig rekrutteringskampanje. På tvers av partigrenser har dei ein felles og viktig bodskap om at Midt-Telemark treng fleire deltakarar i lokalpolitikken.
Dei som i dag har politiske verv i kommunen understrekar at det ikkje er krise ennå, men at det er avgjerande å få fleire på banen.
Dei innrømmer at politikk kan ta litt tid og til tider vere krevjande, og nokre meiner godtgjersla er beskjeden. Slik er det i ein kommune der det blir kutta overalt.
Likevel seier dei som er med i politikken i dag at det å vere lokalpolitikar tilfører noko langt meir verdifullt: mykje læring, meir kunnskap, godt fellesskap og auka engasjement for heimstaden sin.
At folk stiller opp til val og blir våre representantar i kommunestyret er sjølve livsnerva i lokaldemokratiet vårt.
Ja, det tek litt tid, men kanskje ikkje meir enn anna frivillig arbeid. Møtetidene har dessutan blitt litt meir tilpassa dei siste åra for å passe betre for fleire generasjonar.
Å vere lokalpolitikar bør ein sjå på som eit meiningsfylt frivillig verv. Ein får sjansen til å styre skuta, ta viktige strategiske val og vere med på å forme framtida til kommunen me bur i.
At dei som gjer dette representerer ulike lag av innbyggjarane er òg nødvendig. Det er viktig å sikre god og representativ samansetting i styre og stell, for det blir det betre politikk av.
Kvinner er framleis ofte i mindretal i lokalpolitikken, dessutan treng me folk i alle aldrar. Også dei aller eldste i bygda med si erfaring og sine behov må vere representert.
Sjølv om kvardagen som småbarns- eller tenåringsforelder er travel, er det for eksempel denne gruppa som bruker flest av dei kommunale tenestene, som helsestasjon, barnehage, skule, lege og SFO. Derfor bør du som er i 30- og 40-åra hive deg med i lokalpolitikken. Me treng ditt perspektiv også!
Hos dei ulike partia ligg det òg eit ansvar for å jobbe kreativt og utvide sirkelen når dei skal sette opp vallister - også dette eit krevjande frivillig arbeid. Me treng lister med variert representasjon, jamn kjønnsfordeling, fleire unge og folk med ulik etnisk bakgrunn. Dessutan bør dei som sit i kommunestyret bu på ulike stader i kommunen, og utkantane må telje like mykje som sentrum.
Du som jobbar med vallister kan også gjere lurt i å løfte blikket litt ekstra innimellom: Kanskje det er nokon som bare treng å bli spurt?
Mange tenkjer kanskje at politikk er kjedeleg eller litt utilgjengeleg, men det handlar faktisk om korleis det skal vere der me bur. Om du meiner noko sterkt om kommunen din, bør du i alle fall ikkje sitje heime og klage når du har ein reell sjanse til å påverke.
Er du usikker eller nysgjerrig? Ta turen til dei opne møta som dagens politikarar skal arrangere på Akkerhaugen og i Gullbring. Still spørsmål, søk kunnskap og still opp for lokalsamfunnet ditt!