Leiar:

– Kvifor skal me kutte ut ein viktig arena der ungdomane våre kan lære kva solidaritet er?
Den har visst nok blitt eit problem i Midt-Telemark, TV-aksjonen til NRK, som blir kalla verdas største dugnad.
Aksjonen er også verdas største innsamlingsaksjon målt i talet på frivillige som er med og beløpet som blir samla inn.
Kvart år melder inntil 100.000 bøsseberarar seg for å vere med i det årlege nasjonale løftet, som handlar om å hjelpe andre. Det er ein organisasjon som blir tildelt TV-aksjonen av NRK, og som får pengane som blir samla inn for å bruke dei til eit godt formål, enten i Noreg eller utlandet, eller begge delar.
Heilt sidan 1974 har det blitt samla inn mange milliardar kroner til humanitære formål gjennom NRK sin TV-aksjon. Unge og eldre, private og bedrifter, kongehuset, regjering, politikarar, lag og foreiningar har stått samla for å støtte ei god sak.
NRK har bunde det heile saman gjennom ei TV-sending som viser korleis folk jobbar med aksjonen, og ein får mykje informasjon om kva pengane som blir samla inn skal brukast til. Ikkje minst får ein oppdateringar undervegs om kor mykje som er samla inn og om ein når nye rekordar.
I år er det Atlas-alliansen som får dei innsamla pengane. Dei skal hjelpe funksjonshemma som lever i krig og fattigdom, men om det blir like mykje pengar som kjem inn frå Midt-Telemark under denne TV-aksjonen er kanskje tvilsamt.
Kommunestyret har nemleg bestemt at årets innsamlingsaksjon kan vere heildigital. Det vil seie at ein ikkje har bøsseberarar som kjem og bankar på dørene. Dei som jobbar med dette har meldt at det blir stadig vanskelegare å skaffe frivillige til å gjere ein innsats, og at ein på grunn av dette allereie har sett seg nøydd til å kutte å samle inn pengar i nokre rodar og område i kommunen.
Ein treng ikkje alltid å henge fast i gamle mønster og gjere slik som ein alltid har gjort, men ein må heller ikkje gje seg så lett.
Mange opnar ikkje døra og mange har ikkje kontantar nå, likevel er det mange som vippsar når frivillige bankar på døra. Vil like mange gjere det viss ingen kjem?
TV-aksjonen er noko spesielt og har vore viktig for nasjonalt fellesskap i mange år - og for at me nordmenn kan løfte blikket vårt litt.
Ikkje minst lærer yngre generasjonar om solidaritet ved å vere med på dette. Aksjonen har altså ein meirverdi - viss folk bare vil vere med.
Viss kommunen ikkje vil koste på folk som jobbar med den, må ein jobbe med å direkte spørje nokon som kan ta ansvaret.
Alle treng konkret utfordring om å bli med som frivillig i TV-aksjonen: innbyggjarar, lag og bedriftar - og spesielt dei som ikkje er pensjonistar. Dei eldre stiller jo uansett opp.