LEIAR:

– Kven har eigentleg ansvar for valkampen?
Kvart år når det er val får me klager i lokalavisa.
Det handlar som regel ikkje om den redaksjonelle jobben me gjer, eller at me får tips om korleis me kan gjere den betre i forhold til å ta tak i gode saker og vinklingar som folk er opptatt av før det komande valet.
Heller ikkje får me særleg mange innspel på kor viktig det er at me er på i forhold til bevisstgjering av valdeltaking, ytringsfridom og demokrati.
Alle desse områda kan me nemleg alltid bli betre på, det veit me, nettopp fordi dei er så viktige.
Klagesongen me derimot får høyre er sutring frå enkelte politikarar, helst dei lokale, om at andre parti og kandidatar i lokalsamfunnet får større plass enn dei i lokalavisa, og at me tar parti for den eine eller andre, alt etter kor synlege desse andre er, eller om dei vinn valet eller ikkje.
Og dei som klagar er ofte dei som har gjort det dårlegaste valkamparbeidet sjølv.
Nå er det ikkje slik at me som jobbar i lokalmedia er ufeilbarlege, og ikkje er me heilt politisk uslipne heller, for alle menneske har sin referansebakgrunn tufta på oppvekst og miljø.
Likevel - dei fleste journalistar gjer sitt aller beste i å lage balansert journalistikk, der alle skal få plass til å ytre seg, også dei som ikkje representerer det som er dagens mest politisk korrekte.
Me har likevel all grunn til å spørre kven sitt ansvar det er å drive valkamp.
Me opplever at det er lite bevegelse i lokalpartia i Midt-Telemark i år, bortsett frå eit folkeskrint torg med nokre standar i helgene.
Kor er lokalpolitikarane - har dei parkert?
Me har knapt sett ei ytring, bare litt hist og pist. Ja, det er stortingsval, men likevel: Har ikkje alle parti ansvar for å jobbe fram felles sak, også i dei enkelte lokalsamfunn?
Og kor mykje har me sett til fylkeskandidatane som me skal stemme på denne gong, dei som kanskje får ein plass på Stortinget i år? Dei som skal representere oss som bur i Midt-Telemark dei neste fire åra, og løfte saker nasjonalt som er viktige lokalt.
Kva slags kunnskap har dei om det som betyr noko for folk i dei ulike kommunane i fylket?
Det er fint med mengder av meiningsinnlegg, gjerne skrive av ein kommunikasjonsmedarbeidar sentralt i partiet, og paneldebattar, men me treng å møte dykk som vil representere oss.
I fare for å bli skulda for å vere partiske igjen, kan me gjerne løfte opp gode eksempel på aktive og synlege fylkespolitikarar, som til dømes Bård Hoksrud og Åslaug Sem-Jacobsen.
Dei synest og dei høyrer me frå, også utanom valkampen. Dei forsvinn ikkje inn i stortingsbobla i fire år, men er ute og møter folk og lyttar i heile perioden.
Dei engasjerer seg og forstår at valkamp og representasjon er ein jobb der ute, overalt i fylket - heile tida.