LEIAR:
– Klarar me å vere litt meir som Kong Harald?
Fredag 28. august kom den triste bodskapen: Kong Harald V er død.
Noreg er nå i landesorg, og dei siste dagane har overskriftene, tv-sendingane og samtalene vore heilt dominerte av dette tapet.
Me har følgt dei formelle hendingane slag i slag – frå tronskifte, ny konge og nytt valspråk, til ny kronprinsesse og eidsavlegging. Me har òg sett ein kongefamilie i sorg.
Samstundes strøymer folk til for å defilere framfor kista i Slottskapellet, legge ned blomstrar, tenne lys og vise sin respekt.
At Kong Harald var ein folkekjær konge og ein samlande figur gjennom fleire tiår, er tydeleg. Kanskje har han betydd meir for oss enn me anar.
I ei uroleg verd er det ekstra sterkt å kjenne på noko som bind oss saman, akkurat slik me kjente på fellesskapet under fotball-VM.
Kongehuset har under Kong Harald representert verdiar dei fleste av oss kjenner oss att i, og som mange ønskjer at samfunnet vårt skal innnehalde.
Dei mange hyllestane i både redaktørstyrte og sosiale medium løftar fram dei gode talene til kongen, folkelegheita, humoren og den varme tonen. Det blir òg lagt vekt på omsorga for dei som står litt på sida av samfunnet, og Kong Haralds engasjement for sårbare grupper, barn og unge.
Nå som alle desse positive adjektiva fyller spaltene, bør me stille oss nokre spørsmål:
Kva om me ikkje bare lèt desse orda bli verande att i minnetalene frå denne sorgfulle tida? Kva om me i staden tek alt dette med oss som inspirasjon inn i våre eigne liv?
Me er nå inne i ei tid for refleksjon. Når me ser kor mykje Kong Harald og hans verdiar har betydd for så mange, kan me gjerne utfordre oss sjølve til å vere betre menneske.
Me kan alle vere meir inkluderande, mindre sjølvopptatte og meir rause. Me kan dele meir, invitere fleire inn i fellesskapa, spandere meir på dei som har lite og slik gjere lokalsamfunnet vårt betre.
Me kan smile meir, helse oftare, tore å miste maska litt meir og ta oss tid til ein prat.
Det handlar om det mest grunnleggjande for alle: å bli sett og anerkjend. Slik Kong Harald var mot oss, kan me vere mot kvarandre.
La oss ta med oss ånda frå desse dagane inn i kvardagen i Midt-Telemark. Om me startar med dei næraste og byggjer utover i lokalsamfunnet, skapar me eit varmare fellesskap.
La oss prøve å vere litt meir konge.