LEIAR:

SKAPAR LIV: Både lokale innbyggjarar og turistar fyller Bø sentrum med liv under nattope.

– Kasseapparata har gått varme i sommar

Publisert

Sommaren går mot slutten i Midt-Telemark, og me kan sjå tilbake på ein sesong prega av lange, varme og tørre solskinsdagar.

Dei strålande sommardagane har naturlegvis lokka tusenvis av turistar til kommunen vår, og det er såvisst ikkje utan grunn at folk strøymer hit. Midt-Telemark har eit mangfald og ein kvalitet i tilbodet sitt som få andre lokalsamfunn kan matche.

Me som bur i denne vakre kommunen veit inderleg vel at attraksjonane våre også strekkjer seg langt utover dei mest kjende turistmåla.

Sjølvsagt er Bø Sommarland den store motoren i reiselivet, ein gigant som genererer enormt med turisttrafikk og gir ringverknader til eit mylder av lokale aktørar.

I solskinnet frå stormotoren har likevel kreative og nyskapande bygdefolk makta å skape genuine og spesielle tilbod som også i seg sjølv trekker folk.

Dei mange fruktgardane i området er eit framifrå døme. Dei spelar på eigne lokale råvarer og skapar unike opplevingar knytt til næringa.

I tillegg har me ein populær klatrepark, bruktmesser, interessante og levande museum, lett tilgjengelege turområde både til fjells og langs vatnet, friske elvar å bade i og mulegheit til å duppe roleg i ein båt på Norsjø.

Den solide tilstrøyminga av folk merkar også lokalt næringsliv godt. Etter det lokalavisa erfarer har kasseapparata gått varme i mange ulike bransjar i sommar, og det hadde dei ikkje gjort dersom ikkje alle folka var her.

Unike cupar og festivalar som fyller bygdene med folk og liv i skuldersesongane strekkjer dessutan den viktige turistperioden utover sjølve fellesferien.

Innovativ lokalbefolkning og glade turistar skapar viktige inntekter, arbeidsplassar og gode levekår for både handelsstanden, turistbedriftene og lokalbefolkninga generelt Det er likevel éin ting me aldri må gløyme: Suksess kjem ikkje av seg sjølv, og ingen lukkast i lengda heilt åleine.

Derfor er det heilt avgjerande at me støttar kvarandre, samarbeider godt og heiar på naboverksemda, i staden for å knuge eigen suksess sjølvisk til brystet.

Bare ved å stå saman og skjønne at medgang for éin er medgang for alle, vil Midt-Telemark fortsatt vere ein sterk og levekraftig kommune.

Powered by Labrador CMS