LEIAR:

FOTBALL-VM: På O'Learys i Bø var det liv og stor jubel da Norge slo Irak i den første VM-kampen til nordmennene.

Ja til litt VM-galskap!

Fotballfeberen herjer i Norge. Det er bra for oss!

Publisert

Det er ein galskap der ute nå. Det er raudt, kvitt og blått, og det er roing over ein låg sko. Det er store og det er små, det er kvinner, menn, gutar og jenter. Skjortene er raude og alle generasjonar samlar seg om ein ting: fotball!

Det som skjer er ikkje bare for dei som i utgangspunktet er glad i fotball. Det handlar om noko meir, og det handlar om det som er fotballens inste vesen: idrett, fellesskap og glede. Det er fotball-VM, og menneske frå alle slags land i heile verda gler seg over det som nå skjer på det amerikanske kontinentet.

Det som er bra med fotballen løftar seg heldigvis i desse dagar langt over alt det som ein innanfor denne idretten også burde forbetre og ta tak i.

La gå at det er mykje som ikkje er bra i fotballverda, med splittande og absurd pengebruk, maktkamp, korrupsjon og kjøpslåing.

La gå at det er med bismak at VM blant anna går føre seg i eit land der dollarteiknet ser ut til å overgå demokratiske verdiar i den politiske leiinga.

La gå at det alltid vil vere nokon som irriterer seg over fotballfrelsa og det som skjer rundt den.

La gå at svenskane alltid vil påstå at nordmenn er altfor nasjonalistiske når det går bra for dei, enten det er på eller utanfor fotballbanen.

La gå at nokon nektar å dra på smilebandet av roing og vikingassosiasjonar.

La det vere!

Det er bare nokre sommarmånader, så tar galskapen slutt. Dei som hiv seg med og lét seg smitte av den, enten heime i sofaen, ute på byen eller på andre sida av dammen vil truleg sitte igjen med sterke og morosame minne som vil vare livet ut.

Det er ikkje tida for å hoste opp alt som er negativt med fotball i desse dagar, for det er nå me skal glede oss.

Folk treng den gode galskapen i ei verd full av påtrengande alvorleg galskap. Folk treng å føle seg litt ville og glade, om det så bare er at ein set seg på bakken og ror i lufta, eller sit oppe ei natt for å sjå kamp – noko ein aldri elles ville gjort.

Me treng fellesskap og moro i lyse netter, og me skal ha lov til å bli stolte av oss sjølve (eller dei som gjer jobben for Norge på grasmatta). Kven blir ikkje det når ein gjer noko bra? Og går det dårleg og blir det tap, så er det ikkje så farleg – det er jo bare fotball!

Fotball-VM viser kva som er viktig for oss. Meisterskapen viser at fellesskap betyr noko. Det er kjernen i det å vere til – og det å høyre til.

Det ser me også lokalt, der idrettslag av alle slag samlar barn og vaksne til idrettsglede og samhald, og i desse dagar særleg i dei to fotballklubbane i kommunen.

Både Sauherad IL og Skarphedin IL veit kva fotball og idrettsglede betyr og korleis dei får smelta dette saman. Begge lag inviterer til deltaking og kamp for alle og skaper liv rundt fotballen.

Så er det bare fellesskap du treng – gå på kamp! Heia Norge!

Powered by Labrador CMS