
– Fridom er plutseleg ikkje så sjølvsagt lenger
I år kjennest det ekstra viktig å markere nasjonaldagen, og grunne litt meir over det me eigentleg har og det me feirar i Noreg på 17. mai.
Me lever i ei uroleg verd, med fleire truslar enn før, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Fridom er plutseleg ikkje så sjølvsagt lenger, og det gjeld på mange nivå. Me har ikkje lenger råd til å vere likegyldige viss me skattar det frie livet, rettigheitene me har og det opne samfunnet me lever i.
Store og svulstige ord om fridom og fred blir plutseleg meir relevante når me ser kva som skjer rundt oss i verda. Det er krig i Europa, og Noreg rustar opp og jobbar med beredskap på ein heilt annan måte enn før.
Det er 80 år sidan me opplevde krig her til lands, og i mange år har me snakka om å ikkje gløyme at fridomen me har, demokratiet, toleransen og menneskeverdet, ikkje har kome av seg sjølv, og at me ikkje må ta det for gitt.
Har me likevel gløymt, og gjer me nok for å forsvare dei verdiane me har i dag?
Autoritære regime breier seg i større grad enn før, korrupte politikarar frir til dei som er misnøgde, og dei gjer det med enkel argumentasjon som ikkje fremjer fellesskap, men appellerer til egoet i oss.
Me bur i eit land fylt av velstand og me har fred, men me ser tendensane også her. På mange område tapar allereie fellesskapet mot enkeltindividet og meg-sjølv-først-tankegangen. Det skjer nasjonalt og det skjer lokalt.
Det er nødvendig å stå opp for det me har, og me må gjere det nå. Menneskerettar er meir enn luksus, dei er dyrekjøpte og sjølve grunnmuren i velfungerande samfunn. Det er rettar som nå er truga.
Demokrati verda over blir utfordra, ytringsfridomen vår blir pirka i og endra, og grunnleggande rettigheiter er under press - også i statar som før har vore stabile. Nå må me ikkje sove i timen. Det kvar enkelt av oss gjer nå, vil ha noko å seie for framtida.
Det dystre bakteppet ligg der når me går ut i gatene i Midt-Telemark på 17. mai. Me skal sjølvsagt feire, vere glade og stolte av den flotte dagen vår, som set barn og dei grunnleggande rettane våre i fokus. Me skal òg vere stolte av alt me har. Me må likevel ikkje la det blir flosklar, og me må ikkje gløyme. Det har me rett og slett ikkje råd til.
Gratulerer med dagen!