LEIAR:

REDAKTØR: Hilde Eika Nesje er ansvarleg redaktør i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

Er du ein juksemakar?

Publisert

Kunstig intelligens (KI) er blant oss, og har vore det lenge. Nå er det slik at den er i ferd med å bli allemannseige, slik som sosiale medium har vore det i snart to tiår. 

Det betyr at verda igjen kan førebu seg på at definisjonsmakta endrar seg. Det blir lettare å skape verkelegheit som ikkje stemmer, informasjon blir misbrukt og færre står ansvarlege for det som kjem ut. 

Sanninga er igjen pressa og under angrep - viss ein ikkje klarar å regulere bruk og etikk.

Det er ikkje det at KI er noko ein bare skal vere redd for og hive over bord. KI kan vere eit nyttig verktøy på mange vis, og lette arbeidet på ein fornuftig måte for mange - på ulike område. Brukt rett, med både kritisk sans og etisk overblikk kan KI komme til nytte på gode måtar. 

Men KI er også ein tjuv som stel frå andre, og som hentar informasjon og arbeid som andre har lagt ned og presenterer det som sitt - ikkje sjeldan med feil som ikkje var der opprinneleg. 

Samanstilling av informasjon blir ofte koka saman til ein ny KI-versjon, der ein ikkje lenger veit kven som er opphavet til det som blir presentert, eller om det er sant og riktig det som står der. 

Matar ein ikkje KI på klokt vis og brukar verktøyet smart, i tillegg til å alltid dobbelsjekke det som kjem ut, kan resultatet bli ille. Ein skal altså ikkje ta alt som kjem frå KI som god fisk, og ein bør vere ein bevisst brukar.

For at verda ikkje skal bli enda verre som eit stort samansurium av falske nyheiter og halvkveda sanningar, og at me ikkje kjem dit at ein ikkje lenger kan stole på nokon form for informasjon, er det viktig at også den enkelte av oss er bevisst på kva me driv med når me rullar ut Chat GPT-produkt eller leikar oss i programmet. 

Ikkje minst er det viktig at me er sannferdige og fortel at me faktisk har ”juksa” litt. Uansett kva det er. Det er med på å halde etikken oppe. 

Me både kan og bør vere ærlege på det meste. 

Ein treng ikkje late som om ein plutseleg har blitt ein meister på taleskriving i familieselskap eller på jobbavslutninga, at ein skriv nynorsk som ein gud når ein i går snubla i målforma, eller at den sjølvskrivne songen ein presenterer ikkje er heilt genuin. 

Politikarar bør heller ikkje lage artiklar og intervju av seg sjølve som framstår skrive av andre. Ein kan fortelje kvar ein har kunnskapen og produktet frå. Det skaper meir truverd, og legg til rette for at folk betre kan vurdere det som bli lagt fram.

Me vil minne om at i mangfaldet av informasjon som me får servert i dag, kan det vere lurt å vere både kjeldekritisk og halde seg til redaktørstyrte medium når det gjeld nyheiter. Det vil seie hente informasjon frå medium som har ein redaktør som er rettsleg ansvarleg for det som blir publisert.

Seriøse medium jobbar etter fleire etiske reglar og problemstillingar, og har som mål å drive med sannheitssøkande journalistikk.

Det er også derfor me alltid opplyser om kven som er kjeldene våre og kor me har informasjonen frå, og viser tydeleg når me brukar KI-genererte metodar og innhald i publikasjonen vår. 

Powered by Labrador CMS