LEIAR:

REDAKTØREN: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad, meiner at alle har ansvar for godt debattklima.

– Eit hardt debatt­klima kan skremme unge vekk frå lokal­politikken

Me har alle eit ansvar for å snu den negative trenden med aukande netthets mot dei som engasjerer seg politisk.

Publisert Sist oppdatert

Lokalpolitikken er hjarteslaget i lokaldemokratiet vårt. Det er der naboar møtest for å forme kvardagen til oss alle, og det er der framtidige leiarar tar sine første steg i samfunnslivet.

Men når debattklimaet blir for hardt og tonen for spiss, står sjølve rekrutteringa og lokaldemokratiet i fare.

I sommar stod ein lokal kommunestyre­representant frå Arbeiderpartiet i Midt-Telemark fram og fortalde om stygge kommentarar og harde meldingar ho har opplevd som politikar, særleg på nett.

Bekymringa hennar er både reell og alvorleg: Dersom ordskiftet blir dominert av hets og personangrep, vil det skremme vekk nye – og særleg unge – stemmer frå å engasjere seg i politikken.

Ingen skal måtte tole å bli hetsa bare fordi dei tar på seg eit ombod for fellesskapet.

Me etterlyser ein meir sakleg debatt. Å delta i politikken handlar ikkje om å kappe hovudet av meiningane til andre med nedsettande og latterleggjerande kommentarar. Det handlar om å tole å vere ueinige, tole motargument og stå i ein skikkeleg diskusjon med respekt for kvarandre.

Bodskapen må gjelde begge vegar, uansett kva for politisk side ein tilhøyrer.

Kanskje kan me alle bli betre til å lytte med nysgjerrigheit? Og vere villig til å skifte meining viss me meiner det er fornuftig.

I staden for å bare avfeie motstandaren, bør me vere opne for kva andre har å seie, lytte til kva folk eigentleg meiner og heller be dei utdjupe og forklare påstandane sine.

Me må òg vere merksame på at noko av det farlegaste for demokratiet sin eksistens er likegyldigheit.

Viss me vil behalde demokratiet vårt, må me ta vare på det kvar einaste dag. Det betyr at me alle har eit ansvar – både i lokalsamfunnet og elles – for våre eigne kommentarar og handlingar.

Og ikkje minst: Når nokon går over streken, har me eit felles ansvar for å ta til motmæle.

Powered by Labrador CMS