LEIAR:
– Du må for all del ikkje tru at du bur i ein dårleg kommune
Du må for all del ikkje tru at du bur i ein dårleg kommune. Det skal bare ein kikk i lokalavisa til for at den påstanden blir tilbakevist.
Har du sett kor mykje som foregår, og veit du at årevis med forsking viser at det er nettopp dette som gjer at folk vil flytte til Midt-Telemark?
I tillegg til ein del andre ting, da!
I vekas papiravis har me dokumentert ein heil del kulturelle og sporslege aktivitetar som bare er ein brøkdel av tilbodet me har her me bur.
Det er ressurssterke menneske i bøtter og spann som sørgjer for at folk i Midt-Telemark kan møte kvarandre, ha det sosialt og moro saman. Dét er det enormt mykje folkehelse i, og det kan førebyggje mange andre problem.
Sjå da!
Her er demenskor, der proffe, frivillige musikarar stiller opp og gjer kvardagen betre for dei som er med.
Nytt popkor har òg dukka opp, som utan tvil har vore eit tiltrengt behov når ein ser på oppmøte og interesse.
På onsdagsrennet får barn og unge lære seg friluftsglede og får bevege seg bort frå skjermen fordi nokre mammaer og pappaer tar dei med ut, eller stiller opp som frivillige for å få arrangementet i boks.
Det same gjeld fotballgruppa, som til og med satsar seriøst på jentene i bygda.
Dessutane gjer Andreas Aasen Haug oss stolte når han blir NM-meister - også han har gått sine første spor i Midt-Telemark.
Alt dette er bare ein liten del av alt det som rører seg her me bur. Lista er lang over tilbod for unge og eldre. I tillegg har me eit levande kulturhus, og eit næringsliv som byr på det meste me treng.
Her er òg kaféar og spisestader - for ikkje å snakke om den fine naturen som omgir oss på alle kantar, og som er lett tilgjengeleg.
Alt dette står som regel øvst på lista når folk vel å flytte hit, enten dei kjem tilbake etter nokre år ute, eller dei er nye innflyttarar. Desse tilboda er også ofte det som gjer at dei blir.
Me treng kanskje nokre fleire arbeidsplassar, sjølv om det stadig blir skapt nye, og ein må jobbe med sjukefråver og arbeidsløyse.
Me kan òg tenke litt meir over korleis me tar vare på den dyrebare naturen vår.
Kollektivtilbodet her er skikkeleg krise, akkurat som kommuneøkonomien etter fleire år med dårleg styring, men det finst alltid håp. Ein må bare tenke nytt, på eit eller anna vis.
Det er alltid noko som kan bli betre, me må ikkje tru noko anna, men det kan me sjå som ei utfordring og jobbe med.
I mellomtida kan me glede oss over alt det som er godt:
Dei fine folka og tilboda, frivilligheita på mange plan og at folk vil bu her og blir verande - slik er det ikkje i alle kommunar.