LEIAR:

SØRLANDSBANEN: Sørtoget på Bø stasjon.

– Det hjelper ikkje å seie at ein beklagar i det uendelege, det må skje noko

Publisert

Nå må me kalle ein spade for ein spade når det gjeld situasjonen på Sørlandsbanen: Det er krise, skikkeleg krise! 

Me kan ikkje lenger akseptere at eit viktig kollektivtilbod og avgjerande transportåre for indre deler av Telemark og Agder blir rasert og totalt øydelagt. 

Til det står altfor mykje på spel.

Heilt sidan starten av 2020 har det bare gått nedover med den tradisjonsrike Sørlandsbanen. Det samsvarar med privatiseringa av jernbanen som Høgre-regjeringa fekk i stand, og da Go-Ahead overtok drifta på denne togstrekninga. 

Fram til da var det mykje som såg lyst ut på Sørlandsbanen, med høge og stigande passasjertal og stadig oftare avgangar i begge retningar frå stasjonane i Midt-Telemark. 

Bø blad skreiv knapt om tog den gongen, fordi dei gjekk og folk kom seg fram. 

Det skal likevel ikkje skuvast under teppet at Go-Ahead var maks uheldig med oppstarten. Koronapandemien sette ein effektiv stoppar for togtrafikken i lang tid, og det blei ein brå stopp på passasjertrafikken. 

Med ein så uheldig inngang kan ein forstå at det var vanskeleg for selskapet, men ein kan òg stille spørsmål til om det brukte tida godt. 

Kunne ein til dømes ha gått gjennom togparken i den rolege tida og sørgd for vedlikehald av togsett som nå kneler fordi det stadig er noko feil med dei?

Ein skal heller ikkje gløyme at fleire partar er involvert i tilstanden på togtilbodet. 

Både Bane NOR og Jernbanedirektoratet har sitt å stri med når det gjeld infrastruktur, vedlikehald og modernisering av jernbanen i heile Noreg. Det går mildt sagt ikkje på skjener overalt. 

På Sørlandsbanen er det likevel ekstra ille, for der ser det ut til at veldig lite fungerer optimalt viss ein først får trøbbel. 

Det blir for mykje tull, og togselskapet her klarar verken å følgje opp på alternativ transport eller det som burde vere det minste problemet: Nok informasjon til reisande.

Det hjelper ikkje å seie at ein beklagar i det uendelege. Det må skje noko, og det må skje raskt slik at ikkje alt går ad undas. 

Både trufaste togpassasjerar og næringslivet i Midt-Telemark er svært bekymra over det som skjer på Sørlandsbanen, særleg den uføreseielege situasjonen er frustrerande. 

Den rammar bedriftene økonomisk og er ei mental påkjenning for dei reisande. Situasjonen kan ikkje halde fram veldig mykje lenger før det går heilt gale. 

Go-Ahead melder 4. februar at tidlegast i veke 10 kan dei køyre alle planlagte avgangar, kanskje vil det ta lenger tid. 

Inntil da bør togselskapet i det minste få skikk på alternativ transport og informasjon.

Powered by Labrador CMS