LEIAR:

OPPFORDRAR: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad, oppfordrar lesarane til å kome med forslag.

– Denne næringa har blitt sterkare, og me er stolte av den

Publisert

I år blir det arrangert eplefest på Gvarv for 20. gong. Mykje har skjedd sidan oppstarten, og endringar har blitt gjort undervegs. 

I dag står Norsk Eplefest støtt som ein solid og mangfaldig organisasjon som både trekker folk, skaper samhald og identitet og set fokus på ei viktig næring i Midt-Telemark.

Ifølgje dei som var med på oppstarten av Norsk Eplefest var det ikkje så mykje optimisme å spore i fruktnæringa på starten av 2000-talet. 

Ønsket var å dreie denne retninga ved hjelp av ein festival som kunne synleggjere fruktproduksjonen og skape positiv energi og synergieffekt for denne næringsgreina i regionen.

Ideen var å skape opplevingar i ein festival der fruktnæringa var i tett samspel med kunst og kultur, og løfte festen opp på nasjonalt nivå slik at ein kunne vise fram Midt-Telemark som den store fruktprodusenten som området er. 

Gjennom 20 år har det skjedd ei formidabel utvikling, og ein kan trygt seie at arbeidet har gitt frukter.

Å jobbe med festivalen og alt rundt er fortsatt viktig. Eplefesten synleggjer fruktnæringa, og stadig fleire byrjar å forstå at me snakkar om eit av dei størst epleområda i landet. 

Sjølv om marknadsdagen er ein fest for alle slags folk er den også viktig for å løfte fram fruktprodusentane og utvikle næringa vidare.

Gjennom Norsk Eplefest har det blitt skapt viktige nettverk gjennom Fruktbygda, der dei som er i næringa kan drive produktutvikling, profesjonalisering og utvikle næringa gjennom fellesskap og samarbeid. 

Det igjen skaper samspel med andre attraksjonar i regionen. Og ved å spele på kvarandre blir ein enda sterkare både i forhold til produksjon og turisme.

Mange av fruktprodusentane har vore langt fram i skoa tidleg, og har utvikla førsteprodukt som eplemost på kartong og kjølelager som gjer at norske eple kan bli lagra lenger. 

Det har vore mykje nyplanting dei siste åra, og i dag er det er flust av kreative og hardtarbeidande fruktbønder som er med på å skape ein boost for næringa. Det blomstrar nå i fruktmiljøet i Telemark.

Utviklinga blant bønder og produsentar har også ført til større bevisstheit for dei som bur i Midt-Telemark.

Epleproduksjonen har vore der i alle år, men nå slår me alle oss på brystet og viser til Fruktbygda og alle dei gode opplevingane me finn der. Fruktbygda er noko me er stolte av!

Powered by Labrador CMS