LEIAR:
– Bråstopp i skaren, fjesplanting i snøen og komplisert brot i skuldra kom brått
– Gå nå helst ikkje i Anebudalen og Oksladalen, for der kan det gå ras, sa bestefar, som voks opp ved foten av Lifjell og kjente til både vêr og vind på det nærmaste høgfjellet i bygda.
– Du går ikkje utan sekk med litt mat og varme klede, same kor kort turen er, formante pappa, som sjølv lika godt å gå på ski og til fots i fjellheimen. Som politimann med lavinehund og lang erfaring som skadestadsleiar, hadde han også ein god del leiteaksjonar bak seg på Lifjell.
Det blei sagt så mange gonger gjennom oppveksten at det er prenta inn at ein går ikkje utan sekk eller taske med litt ekstra utstyr når ein skal til fjells, for ein veit aldri.
Derfor lar ein seg alltid overraske litt når ein ser spreke skiløparar på full fart oppover bakkane på Lifjell, i kondomdress og raske briller, men ikkje noko anna.
Kanskje er dei så spreke, sterke og kjente med området at dei ikkje fell eller går seg vill, sjølv ikkje når den lumske Lifjell-tåka legg handa si brått over fjellet?
Eg vil i alle fall ikkje vere dei viss dei skulle vere så uheldige å falle, for det kan sjølv ein garva skiløpar gjere på tur.
Sola skein, det var nesten ikkje eit vinddrag i lufta og det varma godt i Lifjell-bakkane i starten av ei draumepåske som plutseleg gjekk i vasken for underteikna.
Det gjekk plutseleg heilt galt ned ein minibakke frå rasteplassen. Bråstopp i skarekanten, fjesplanting i snøen og komplisert brot i skuldra kom som lyn frå klår himmel. Det er ikkje anna å seie enn at det smerta veldig.
Så heldig kan ein likevel vere at ein er saman med ein heil gjeng med fjellvante og omsorgsfulle folk på tur - med sekk. Den forulykka fekk lirka innunder seg eit reinsdyrskinn for å halde varmen, ein genser under nakken og eit berg av dunjakker på toppen. Så var det å vente.
Dei gode hjelpemannskapa kom seg fort ut, men det tek tid å kome seg opp og fram likevel, og skuteren skal gjerast klar.
Nesten to timar i snøen før hjelpa kjem er hardt når ein er skada, og enda verre er det viss ein ligg der tynnkledd og utan folk i sikte. Og jo lenger inn på fjellet ulykka skjer, jo verre.
Røde Kors-mannskap er englar når ein har det vondt. Dei tek vare på deg og ein kan slappe av når ein veit at ein er i gode hender.
Hos meg fann dei blodårene med ein gong slik at dei kunne sette smertestillande raskt - fordi eg ikkje var nedkjølt.
Dei har opplevd verre situasjonar, og både dei og andre fjellekspertar seier til Bø blad det same som bestefar og pappa:
– Ver førebudd, og pakk sekken når du skal på Lifjell!
God påske!