REDAKTØR: Hilde Eika Nesje, ansvarleg redaktør i Bø blad.

– At arbeidsgjevar opplever kritikk som ubehageleg, uønska eller uheldig er ikkje brot på lojalitet

Publisert Sist oppdatert

Det har blitt tøffare tider, det merkar me i Midt-Telemark òg. Særleg kommunen slit. Etter fleire år med dårleg og stadig forverra økonomi, har det til slutt blitt kniven på strupen, og harde kutt må til. Det får sjølvsagt konsekvensar, og vil på ein eller annan måte ramme nokon, enten det er tilsette eller brukarar av kommunen sine tenester.

Sjølv om ein har forståing for at ein kuttprosess må til, er det sjølvsagt lov å kjempe sine kampar og ytre seg, og det er det heldigvis mange som gjer i Midt-Telemark. I lokalavisa har me stadig debattar gåande, og meiningsinnlegg skrive av svært mange personar om ulike tema. Likevel kan me oppleve at folk kneblar seg sjølv i redsel for å ikkje vere lojal nok mot arbeidsplassen, kanskje har dei også blitt oppfordra av sjefen til å ikkje ytre seg offentleg. Det gjeld både i budsjettprosessar og andre saker i kommunen. 

Vernet av ytringsfridom for tilsette og tillitsvalte skal vere sterkt også i offentleg sektor. Gode og konstruktive forslag til endringar og forbetringar frå dei som kjenner eit saksfelt godt er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Likevel synest mange det er vanskeleg å vurdere kor grensa bør gå for kva ein kan og ikkje kan uttale seg om som tilsett eller tillitsvalt. Det ein bør hugse på er at alle både kan og bør delta i det offentlege ordskiftet viss ein har meiningar om noko, men ein bør òg vere bevisst på kva for ei rolle ein har når ein uttaler seg. Alle kan heilt klart ytre seg på vegner av seg sjølv, også om arbeidsplassen, men det er bare utvalte talspersonar som ytrar seg på vegner av verksemda.

Offentleg tilsette bør ha eit vidt spelerom for å kunne ytre meininga si offentleg. I Midt-Telemark kommune sitt pressereglement står det mellom anna at kommunen skal utøve aktiv og utadretta informasjon basert på størst muleg grad av openheit. Det står òg at ein skal vite kva for ei rolle ein har når ein ytrar seg. At ein jobbar med eit tema betyr likevel ikkje at ein er ekskludert frå å meine noko om fagfeltet sitt. Forsking har likevel vist at offentleg tilsette opplever mulegheita til å ytre seg som dårlegare enn tilsette i privat sektor, og at dette ofte er knytt til lojalitetsplikta. Også Bø blad opplever at det er stor usikkerheit rundt dette omgrepet.

Ein har plikt til å opptre lojalt og halde tausheitsplikta, og unngå å skade arbeidsgjevaren sine saklege og legitime interesser. Arbeidsgjevar kan òg ifølgje grunnlova avgrense ytringsfridomen i heilt særskilte tilfelle, men da med grunngjeving, for ytringsfridomen sitt mål er å beskytte kritisk debatt. Det at arbeidsgjevar opplever kritikk som ubehageleg, uønska eller uheldig er ikkje brot på lojalitetsplikta. Dessutan står også arbeidsgjevar fritt til å delta med si meining i eit offentleg ordskifte. Det må imidlertid ikkje vere ein reaksjon mot arbeidstakarane sin adgang til å ytre seg.

Ytringsfridom handlar om å ha eit godt ytringsklima, også når det gjeld fagkritikk som ikkje blir oppfatta som «lojal». Ein skal ivareta og godta debatt og sakleg ueinigheit. Det betyr at om ein har gjort undersøkingar og grunngjev kritikken ein kjem med, er det faktisk greitt å ta feil. Mange offentlege debattar kretsar rundt ueinigheit om kva som er tilfelle, misforståingar eller diskusjon om korleis avgjersler skal og bør bli tatt. 

Det er ein del av demokrati og ytringsfridom i praksis som me også må skatte i vår kommune.

Powered by Labrador CMS