Alle innbyggjarar må rekne med harde kutt
Det har vore tøffe tak i Midt-Telemark kommune i år, med mange heite debattar om kutt og ulike innsparingar, og stort engasjement blant innbyggjarane. Avslutninga av året blir truleg ikkje mindre oppheita. I desse dagar har budsjettarbeidet for neste år starta, og kommunen har kniven på strupen. Ein må kutte med hard hand, og det handlar om millionar. Skal ein på nokon som helst måte kome seg ut av den økonomiske krisa, må ein vende på kvar einaste stein. Alle må bidra. og mykje vil smerte.
Med underskotet som Midt-Telemark kommune har dratt med seg heilt sidan kommunen var ny, og som har auka monaleg år for år, ser det ikkje lysteleg ut. Kommunen har stilt seg slik at ein garantert vil oppleve at mange kommunale tenester nå vil bli dårlegare, og at ein mistar viktige funksjonar som gjer Midt-Telemark kommune til dét den er i dag. Fleire flinke fagfolk vil sjå at arbeidet dei brenn for blir lagt i grus. Det er bare å håpe at dei blir verande, og at dei med trongare rammer klarar å oppretthalde motivasjonen og finne nye løysingar og samarbeidsformer. At tilboda blir dårlegare for mange må me bare stålsette oss mot.
Det er mange meiningar rundt korleis Midt-Telemark hamna her. Mange skuldar på kommunesamanslåinga, men det er meir komplisert enn det. Store delar av kommunenoreg slit som følgje av å bli pålagt stadig større oppgåver utan at det følgjer nok midlar med, og struktur og demografi endrar seg i heile landet. Det er likevel slik at nokre kommunar gjer det betre enn andre, sjølv om dei ikkje er rike kraftkommunar. Fordi dei styrer godt.
Allereie då Midt-Telemark kommune var ny, var beskjeden frå dåverande økonomisjef at ein måtte spare 40 millionar. Fleire konkrete innsparingsforslag har vore lagt på bordet sidan, men lite har blitt gjort og millionunderskotet har balla på seg. Også nå vil det kome protestar frå ulike grupper som blir råka når politikarane skal vurdere kvar dei skal kutte. Det må ein sjølvsagt lytte til og ta med i budsjettarbeidet, men ikkje la seg overstyre av. Ein må jobbe klokt slik at det er det som skadar minst langsiktig som blir tatt ned først.
Likevel, alle avdelingar og innbyggjarar i kommunen må rekne med kutt, og me må dele på byrdene. Politikarne må rekne med å bli upopulære i prosessen, og fellesskapets beste bør rå.